Råd til eigen bustad?

Er draumen om eigen bustad blitt fjernare og fjernare for deg? Terskelen for å komme seg inn i bustadmarknaden er blitt høgare, men det er framleis muleg å skaffe seg eigen bustad. Du treng ein solid porsjon tolmod og bevisstheit, eller at du er litt heldig.

Bustadprisane har gått kraftig opp dei siste åra. Dei siste 5 åra er prisoppgangen på landsbasis over 35 %,  medan dei siste 10 åra har bustadprisane meir enn dobla seg. I tillegg er krava for å få bustadlån blitt strengare.

15% eigenkapital
Bankane har fått pålegg frå myndigheitene, at dei som kjøper seg bustad i utgangspunktet skal ha 15 % eigenkapital. Det vil seie at dersom du kjøper ei leilegheit til 2 mill kr må du sjølv stille opp med 300 000 kr frå eiga lomme. Dei resterande 1,7 mill kr kan du låne i banken.

Korleis skaffe 300 000?
Lånet på 1,7 mill kr kan du få på dagen av oss. Verre er det gjerne å stable på beina 300 000 kr sjølv. Det er her du treng tolmod og bevisstheit. Skal du skaffe 300 000 kr er det som regel berre ein veg å gå, nemleg å spare. Det ideelle er at du alt frå konfirmasjonsalderen startar med å tenke på bustadsparing. Klarer du å spare litt gåver og stipend du får, pengar frå sommarjobbar og etter kvart frå deltidsjobbar, er du i gang med gode sparevanar som over tid gir frukter. Legg du av 1 000 kr kvar månad i 10 år har du fylt opp BSU-kontoen på 150 000 kr. Hugs å fylle på BSU-kontoen berre dei åra du har skattbar inntekt, slik at du får nytte av skattefrådraget.

Involvere mor og far
Dersom du legg fram spareplanen din til foreldra, kan du oppmode dei til å støtte deg med same spareplan. Sparer dei 1 000 kr per månad til deg i same periode har du 150 000 kr til. Til saman har du 300 000 kr og du er dermed i boks med eigenkapitalen.

Er du riktig heldig har du foreldre som kan stille med heile potten på 300 000 kr.

Investering i eigen bustad har vore veldig lønsamt dei siste åra. Det er på langt nær så sikkert at det blir like lønnsamt i framtida. Vi skal ikkje lenger enn til Danmark for å sjå ein prisnedgang i bustadprisane på om lag 30 % dei siste åra. I Noreg hadde vi kraftig fall i bustadprisane i perioden 1988-1992.

Investering i eigen bustad trur eg vil vere ei god investering også framover, berre ein er langsiktig nok og ikkje blir eigedomsspekulantar og trur ein skal gjere raske pengar. Tida for raske pengar i bustadmarknaden trur eg kan vere forbi.

Nyttige lenker:
BSU – Bustadsparing for unge
Bustadsparekonto
Lånekalkulator
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane