Våt Moro er Årets kultur-idé!

Vinnaren av konkurransen «Årets kultur-idé» har akkurat blitt annonsert i NRK Sogn og Fjordane, og valet fall altså på Florø-festivalen Våt Moro.

Våt Moro vart arrangert for aller fyrste gong i fjor. Som namnet antydar er det ein festival kor moro i eller ved vatn står i fokus, og festivalen ønskjer alle tenkjelege vassaktivitetar velkomen i programmet.

Juryen presenterte valet sitt slik foran dei ti spente finalistane på NRK si direktesendte finalesending i dag: Årets vinnar har tydelegvis truffe ei nerve i publikum, både i form av å ha eit soleklart fleirtal av stemmene – og gjennom den første festivalen i fjor, som også mønstra svært mange begeistra folk. I tillegg har dei samla kompetanse og entusiasme frå nær sagt heile fylket for hjelp til både idéen og til gjennomføringa av festivalen, og har elles eit potensiale til å ta resten av landet med storm. Eller kanskje rettare sagt «resten av vannet». For vinnaren er Våt Moro i Florø!»

Det er utruleg moro for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane å få kunne arrangere ein konkurranse som Årets kultur-idé saman med NRK Sogn og Fjordane. Og det er sjølvsagt alltid stas å få dele ut pengar til tiltak som bidrar så mykje til både mangfald, trivsel og utvikling i fylket vårt. Men vi har fleire kanskje vel så viktige målsettingar med konkurransen Årets kultur-idé:

For det første er dette einaste konkurransen i fylket, og ein av svært få i landet, som set fokus på kultur-entreprenørane; eldsjelene som set i gong nye kultur-tiltak som er heilt naudsynte for at vi skal kunne trivast i «trivselsfylket». Dei gjer det så visst ikkje for å berike seg sjølve – anna enn på nye, flotte opplevingar – og attpå til tar dei så gjerne på seg ein stor risiko for å mislukkast. Dette er menneske, organisasjonar og foretak som fortener vår honnør og applaus. For utan arrangøren – er kunstnaren, artisten eller atleten berre ein flink fyr…!

For det andre vil vi hjelpe arrangørane til å få merksemd kring arrangementa sine. Difor presenterer Årets kultur-idé ikkje berre ein, men ti «vinnarar» – finalistar som får brei omtale og merksemd i NRK Sogn og Fjordane sine sendingar. Og som alle arrangørar veit, er media-merksemd verd si vekt i gull. Vi voner difor folk skriv seg desse arrangementa bak øyra. Med sprit-tusj.

For det tredje ønskjer vi gjennom Årets kultur-idé å hjelpe kulturlivet i Sogn og Fjordane til å bli betre. Og ein føresetnad for å bli betre, er jo å forstå korleis valprosessar går føre seg. Difor er eit nøkkel-element i konkurransen at publikum kan få høyre juryen sine vurderingar av kandidatane. Slik at dei kan bli betre til å presentere prosjekta sine for naudsynte støttespelarar. For som arrangør må du ikkje berre overtyde, men jamvel begeistre mange – veldig mange.

Vi voner i alle fall mange av dykk vart begeistra i dag – og blir endå meir begeistra på Våt Moro i Florø 10-14 juli!

Alle finalistane til Årets kultur-idè

Sjå bilder frå kåringa