Vi rømmer landet – norgesferien blir for dyr

reiseliv400x300Det er sommar og ferie er like om hjørnet. Dei fleste av oss har nok planen klar på kva vi skal bruke ferien vår på. Også i år knyter det seg stor spenning rundt årets turistsesong hos reiselivsaktørane i Norge – truleg meir enn nokon gong.  Eit Europa og delvis USA i økonomisk krise treff Norge. Toppa med ei sterk krone og det faktum at Norge er eit høgkostland frå før, er det grunn til uro.  I fylket er det hotellnæringa som vil merke dette aller mest. I år igjen. Med nedlegginga av englandsbåten mellom Bergen og Newcastle i 2009 forsvann eit kundegrunnlag på om lag 250.000 gjestedøgn frå fjordfylka. Dette har gått aller sterkast ut over distriktshotella (les: Sogn og Fjordane), som i liten grad har klart å erstatte desse med nye marknader.

Som om ikkje dette er nok. Ei fersk undersøking (Danske Bank) viser at 43 % av nordmennene skal til utlandet denne sommaren. Berre 15 % vil vere turist i Norge. 10 % ferierer på hytta og like mange hos slekt og vener. Trass i at ferieforbruket vårt aukar, skjer dette i stor grad på utanlandsreiser. Vi tykkjer Norge vert for dyrt å feriere i.

I dei heller dystre reiselivsspådomane finst det lyspunkt. Vinnarane er dei som har klart å sjå mulegheitene i nye marknader, fornye seg på produktsida og drive eit profesjonelt marknads- og salsarbeid. Fleire har lukkast i å nå ei sterkare kjøpegruppe – «the upper class» – og ikkje minst tidleg satsa på nordmenn – før alle andre. Det er også hos sistnemnde gruppe at sesongforlenginga er enklast å få til. I fylket finst det heldigvis fleire som er med på vinnarlaget: Gloppen Hotell, Flåmsbrygga Hotell, Hotel Alexandra, Nordfjord Hotell, BesteBakken og Åmot Operagard. Flåmsbana har også i år eit godt år – takka vere tusenvis av cruisepassasjerar. Eit døme på at det enkle oftast er det beste: Cruisetrafikken har også gitt eit godt grunnlag for Vatnahalsen Høgfjellshotell som har funne ein nisje i vaffelsal. 40.000 vaflar på eit par månader blir det faktisk pengar av. Fjord1 opplever fin auke i passasjertal mellom Flåm og Gudvangen vinterstid. Likevel; det går lenge mellom kvar gong vi høyrer om suksesshistoriene.

Norge skorar høgt på potensiale som ligg i naturbaserte opplevingar. Dei fleste veit likevel at det ikkje er potensiale vi lever av, men evna til å utnytte eit potensiale. Trass i ei offensiv satsing på naturbaserte opplevingar gjennom mange år, uteblir både volum og lønnsemd. Vi har ein lang veg å gå, dessverre. Framleis er kjennskap til og kunnskap om Norge låg, sesongane korte, for mange og for små aktørar utan nødvendig kompetanse og for mange dårlege produkt. Det mest alvorlege er låg foredlingsgrad og evna til å tenkje nytt. Sist, men ikkje minst; det er for få investorar og kapitalmiljø.

På same tid som vi ikkje klarer å trekkje til oss nye marknader i tilstrekkeleg grad, vert ikkje ressursane våre godt nok utnytta. Ein av desse er utmarka vår, som gjennom storviltjakt og fiske genererer ein omsetnad på om lag 300 millionar kroner årleg. Mykje av dette handlar om ei uforedla råvare. Dette fortel meg at her er det mykje å gå på, og ein verdi få er klar over. Også dei mest profesjonelle reiselivsaktørane glimrar med sitt fråver når det gjeld å sjå mulegheitene som ligg her. Lyspunktet her er at vi dei siste 10 åra har kome langt når det gjeld lokal mat. Likevel, med relativ enkel pakking av tenester og utan dei store investeringane, kan omsetnaden av utmarksressursane aukast betydeleg.

Eit ytterpunkt frå utmarksressursane er verdien som ligg i festivalar og arrangement som, etter mitt syn, vert undervurdert. Her synest ikkje reiselivet å ta innover seg det faktum at nordmenn ELSKAR festivalar. 21 % av nordmenn vil ha musikk, konsert og festival som formål med deler av ferien i 2013 (Virke befolkningsundersøkelse Norstat/Perduco). Næringa bør i større grad støtte opp under arrangementa, men ikkje minst bruke desse som ein viktig arena for å vise fram dei opplevingane fylket elles har å by på. Slike aktivitetar skapar ringar i vatnet både når det gjeld handel, men også å legge grunnlag for eit breitt og variert ferie- og fritidstilbod til oss som bur her og dei som kjem på besøk.

Eg ønskjer lukke til med festivalane og ulike arrangement i sommar! For mine tidlegare kollegaer i reiselivsnæringa foldar eg mine hender.