God nok for arbeidslivet?

neringsbarometer800x200Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Norge, NAV, NHO, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebanken Sogn og Fjordane. Målet med Næringsbarometeret er å gje status og framtidsutsikter for viktige næringar i Sogn og Fjordane. Samstundes ønskjer vi å stimulere til debatt kring sentrale problemstillingar for fylket.

Torsdag 6. juni kl. 10:00 inviterer vi deg til Tine Meieriet på Byrkjelo
Her vil vi oppdatere deg om status for næringslivet og den unytta arbeidskrafta i fylket.

Altfor mange står utanfor arbeidslivet i fylket vårt – ofte på grunn av lettare psykiske plager eller andre mindre alvorlege sjukdomar. Arbeidstrening med støtte frå NAV gir resultat og får folk ut att i arbeid. Tine Meieriet Byrkjelo har fire personar på arbeidstrening. – Ingen tvil om at det skjerpar heile organisasjonen å få eit slikt ansvar for unge arbeidstakarar, seier produksjonssjef Magnar Berge, som fortel meir om dette på møtet. Vi presenterer også næringslivet sine forventningar til det komande året.

Program
• Velkomst ved fylkesvaraordførar Jenny Følling
• Presentasjon av Næringsbarometeret ved Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Norge
• Beinstrekk med lett servering frå lokal produksjon!
• Tine Meieriet Byrkjelo – Korleis bidreg vi til eit arbeidsliv for alle? ved Magnar Berge, produksjonssjef ost og Unni Heggdal, kontor- og personalleiar
• Heile folket i arbeid? ved Tore Thorsnes, direktør i NAV
Etter presentasjonen som tek knappe to timar, kan du få delta på omvising på meieriet.

Meld deg på her