Leiarfokus – jobben eller idrettsarenaen?

hestane400x300Årets skiBirken er unnagjort og eg utgjer ein liten minoritet i banken,  4 av totalt 270, som var med  i år.  Eg er overvelda over folk si  interesse omkring dette. Eg var med eit par gongar på 90-talet, men då var det ingen som gjorde notis av  det. No får eg lykkeønskinga frå kundar i forkant, – og gratulasjonar etterpå. 

Eg har høyrt at slik aktivitet kan vere uttrykk for ein machokultur i banken, og kanskje spesielt på leiarnivå.  Det kan eg ikkje forstå – med dette deltakartalet, og eg som den einaste leiaren av dei 4,  er den kulturen er svært så lite utbreidd.

Så blir det hevda i pressa at norske leiarar har eit så avslappa forhold til jobben, er så lite ambisiøse, har så lite vinnarvilje, at det blir samla opp så mykje overskottsenergi,  som må takast ut ein plass. Men det skjer ikkje på jobben, men i fritida, t.d. på Birken. Norske leiarar kan ikkje hevde seg i verdenstoppen med slike haldningar, seier ein professor på Berkley.

Frå ekspertar på leiing blir det også sagt at svært mange toppleiarar eigentleg har eit ekstremt konkurranseinstinkt. Det er mykje som ikkje målbart innanfor leiing, men i prestisjeløp som Birken  får leiaren stadfestinga det han er ute etter. Men det er ikkje i skisporet dei tilsette skal følgje etter leiaren. Dei skal følgje etter leiaren sitt tankespor. Det kan vi vere einige om.

Eg trur ikkje bildet er så svart/kvitt. Det å vere i god fysisk form gir overskot, og overskot gir utbytte både på jobb og fritid, og evne til å tole påkjenningar i jobben. Det gjeld for alle nivå i ein organisasjon. Dessutan trur eg gleda med fysisk aktivitet for dei aller fleste leiarane kom før sjølve leiarjobben.

Ta ein treningstur i staden for å legge seg sofaen,  er mi oppskrift, no når ungane er ute av reiret. ”Gulrota” kan vere å delta på Birken og andre fysiske utskeielsar. Eit mål å strekkje seg mot treng vi alle; men kvar på sitt nivå, for ein må hugse på at genetiske føresetnader er svært avgjerande for sjølve prestasjonen. Tilleggsverdien av ein treningstur er at ein kan bearbeide  og få tenkt igjennom jobbrelaterte problemstillingar – i ro og mak, berre ikkje pulsen blir for høg.

Det er tid for påske, og årets påske ser ut til å få draumever og gode skiforhold. Og løypene i mitt heimlege Langeland ligg klare – både for ”høg og låg”!

Kva er ditt «Langeland»?