Ungdom og entreprenørskap – ein ressurs for fylket

For eit par veker sidan deltok eg på nettverkssamling for prosjektet «samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane». Temaet femna breitt om kva samfunnsansvar er. Ein raud tråd var likevel barn og unge som morgondagens innbyggjarar og arbeidstakarar i fylket.

Under nettverkssamlinga vart Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane (UE) presentert.  Sparebanken Sogn og Fjordane har eit tett samarbeid med denne landsomfattande organisasjonen som i samspel med utdanningssystemet og næringslivet arbeider for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv. Eit døme på det gode resultatet UE kan vise til er Rikard Kirkeide Bøe, den unge gründeren som har starta ungdomsbedrift og har utvikla produktet «Binderpunch» – ei holmaskin som kan setjast rett i permar. Ikkje det at produktet i seg sjølv har ein stor marknad. Det er engasjementet til denne karen som gjer historia spesiell. Uredd og med ei god historie stod han framfor eit 30 tals leiarar og fortalde kva som kveikte interessa for entreprenørskap. Han hadde ein idé og rosar både UE og næringslivet i Stryn for å ha opna dører. Han har også gått i bresjen for entreprenørskap som valfag på Stryn VGS. Med støtte frå næringslivet i form av kompetanse og tid får han allereie som 18 åring oppfylt draumen sin om å starte eiga bedrift.

Eit av UE sitt viktigaste bidrag til skulen og elevar, slik eg ser det, er innsatsen som vert lagt ned i ungdomsbedriftene og gründercampane. Ungdom vert stimulert til å skape noko basert på ei reell problemstilling, der det ikkje finst ein fasit på løysing. Omtrent som i arbeidslivet og i livet elles. Heile 74 ungdomsbedrifter er etablert dette skuleåret. Under årets fylkesmesse på Nordfjordeid førstkomande torsdag (21. mars) skal mange av ungdomsbedriftene konkurrere om ulike prisar som beste ungdomsbedrift og beste innovative produkt. Banken stiller velvillig opp også her. Som dommar og med eigen stand. Vi gler oss!

Kvifor er det så viktig å støtte dette arbeidet? Mange ressurssterke elevar fell utanfor fordi dei ikkje ser nytteverdien av innhaldet skulen har i dag; å sitje bøygd over bøker og  bli flinke til å fortelje opp att det andre har sagt før dei. I tillegg blir utdanningspresset for stort for mange. I tett samarbeid med næringslivet kan skulen i større grad fungere utløysande på kreativitet, skaparkraft og produktivitet. Eigenskapar som truleg vert framtidige konkurransevilkår for barn og unge.  Samarbeidet skapar verdiar langt utover læreplanar og karakterar, men også auka konkurransekraft i framtida. For å lukkast i eit slikt samarbeid er UE på mange måtar eit nødvendig lim mellom næringslivet og skule.

Tilbake til Rikard. Får han tett oppfølging frå næringslivet også framover, vil han stille seg i rekkja av mange suksessrike gründerar. For Sparebanken Sogn og Fjordane er det naturleg å  stille opp for å  stimulere til at fleire ungdomar får denne mulegheita.