Elggjengen frå Hellesylt

elggjengen400Visste du at desse skumle typane herjar rundt i Kongleriket vårt? No er det vinterferietid og Kongleveke i bankkontora våre (neste veke  i Bergen), og vi håper på vitjing av våre unge Konglekundar.  Vi er stolte av Kongleriket – barnekonseptet vårt – som ingen andre bankar har makan til.

Vårt eige Konglerike
Barnekonseptet vårt, for born 0-13 år, er laga spesielt for barnekundane våre.  Vi er blitt veldig glade i dei fargerike figurane der. Nokre kreative damer i reklamebyrået Elle Melle i Ålesund har skapt Kongleriket og blant anna Lucy Lemen, Brede Bre, Kåre Bjørn, Musepatruljen og Elggjengen frå Hellsylt.

Eigne nettsider og Facebookside
Sjå meir på www.kongleriket.no og Kongleriket facebooksida for dei vaksne.

Vinn sparepengar til borna i konkurransen vår på Facebook – delta her:      Konkurranse

Sjå og kva Konglekontoen vår inneheld.

Kongleriket – vidareutvikling
Vi jobbar for tida med å vidareutvikle Kongleriket. I løpet av våren vil vi presentere nye Kongleriket.no.

Ha ei fin vinterferieveke, og ta gjerne med ungane innom eit av bankkontora våre, dersom de er her i traktene, eller besøk oss på Kongleriket.no.