Utlada eller opplada?

Full opplading

Full opplading

Har du tenkt over kva som er den viktigaste duppeditten i kvardagen din? Det er utan tvil den vesle, til tider klumpete, batteriladaren som du er heilt avhengig av for å kunne bruke mobiltelefon, nettbrett, iPod og diverse. Er du riktig heldig,  så har du ei rekkje ulike ladarar til ulikt utstyr og. 

Det er ikkje mykje nytte i ein mobiltelefon, eller eit nettbrett når dei er heilt utlada. Difor må vi alltid passe på å ha ein ladar innan rekkevidde. Men på mystisk vis har dei ein tendens til å forsvinne, både i heimen og på jobb, og uansett kor mange vi har, så er der ofte ein for lite.

Eg jobbar i eit såkalla ope landskap i banken vår, og vi er 12 kollegaer som deler kontor. Det går nesten ikkje ein dag utan nokon spør: – Har du sett ladaren min? eller – Er det nokon som har ein ladar å låne meg? Og overalt ligg mobiltelefonar og nettbrett for påfyll med naudsynt energi frå straumnettet.

Ver obs på brannfare
Men forsikringsselskapa ropar eit varsku til alle ladarar som er kopla til straumnettet i heimar og på arbeidsplassar. Mobiltelefonar, nettbrett og pc’ar bør ikkje ladast om natta, eller når du forlet bustaden. Batteria deira bør ikkje lade i fleire timar enn nødvendig, og vil bli øydelagde over tid, noko som i verste fall kan føre til brann.