Fotballglede – vinn 30 000 kr

Meir enn 200 lag stiller til KM innandørs gjennom Sogn og Fjordane Fotballkrins. Her blir det mykje fotballglede. Dette er vi  som sponsor av Sogn og Fjordane Fotballkrins stolte av.

Konkurranse for laga som deltek i KM innandørs, aldersbestemt.

I tida fram mot finalen i KM innandørs har vi ein lagkonkurransen  for laga som deltek i KM. Vi har lagt 30 000 kr i premiepotten. Laga deltek ved å laste opp eit bilde som viser fotballglede på konkuransesida. Alle bildene blir vist på den sida.

Hovudavstemminga vert opna fredag 22. februar kl 12.00 og avslutta fredag 1. mars kl.12.00. I denne perioden kan du stemme kvart 30. minutt. Fram til det kan du kun stemme ein gong om dagen. På denne måten kan fleire lag få tid på seg til å ta bilder og delta i konkurransen.

Vi ønskjer laga lukke til med kvalifiseringa i KM innadørs 2-3. februar og med finalen i Måløy 2-3. mars