Heia Aud og Evan

evan_aud400x300Eg lettar på hatten for paret på bildet. Aud Melås og Evan Lewis har lukkast i reiseliv. Det er ikkje sjølvsagt i ein særs krevjande bransje. Dei to, ho frå Leikanger og han frå New York har satsa på norsk arkitekttur, norsk natur og norsk kultur for å gjere seg unike for turistane. Puben deira i Flåm minner meir om stavkyrkje enn pub, hotellet på Flåmsbrygga er prega av naturstein og furu, bryggeriet er oppkalla etter den norrøne bryggeriguden Ægir.

Aud og Evan satsar på kvalitet og det unike. Nyleg vart ein av ølsortane, som Evan har komponert, kåra til Årets Øl for 2012 av organisasjonen ”Det norske måltid” på TV2. Puben i ”stavkyrkja” har tre år på rad vunne utmerkinga Årets bryggeripub. Etterspørselen etter Ægir har blitt så stor at selskapet har investert 18 millionar kroner i nytt bryggeri i Aurland. Etterspørselen kjem ikkje frå den store horden av cruiseturistar som besøkjer Flåm. Dei er så godt som fråverande både i puben, restauranten og hotellet til Aud og Evan.

Nytt Næringsbarometer
Historia og suksessoppskrifta til Flåmsbrygga kan du lese meir om i Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane som lanserte nytt nummer 15. januar. Her er fleire reportasjar frå fleire bedrifter som har lukkast med underet det er å gå frå ideskaping til verdiskaping. Her er også ei tru på at 2013 blir eit godt år i dei fleste bransjane i fylket. 626 bedrifter er med i bedriftsgranskinga som viser at bedriftsleiarane samla sett trur på 1100 nye arbeidsplassar i 2013. Dei set først og fremst si lit til større innpass i petroleumsnæringa som planlegg å investere over 200 milliardar kroner på sokkelen i år. Aktiviteten blir endå høgre dei komande åra på grunn av mange nye funn og utvikling av stadig meir avansert undervassteknologi på sokkelen.

Petroleum er motoren
Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane syner at kvar tredje industribedrift i fylket no leverer til olje- og gassindustrien, men leveransane utgjer berre 11 prosent av samla leveransar i desse bedriftene. Her er med andre ord eit stort potensiale for vidare vekst og utvikling, ikkje berre i Florø og på basen, men over heile fylket.

Fleire varsku
Otten er at investeringsviljen i bedriftene er særs låg og nesten ikkje til stades. Eit anna varsku er at talet på nyetablerte bedrifter er halvvert i høve til 2005 og det lågaste i landet. Skal Sogn og Fjordane  halde oppe folketalet og tritt med samfunnsutviklinga, er ein heilt avhengig av menneske som Aud Melås og Evan Lewis. Menneske som er villige til ta det store steget frå ideskaping til nyskaping og lønsam verdiskaping, er berebjelkar i eit kvart lokalsamfunn. Dei fortener oppmuntring, støtte og ikkje minst heiarop når det går bra. Heia Aud og Evan!

Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane 2013

 

Næringsbarometeret på web TV