Samarbeid er svaret

Østerbø Maskin med Steinar Holen som leiar utviklar stadig nytt utstyr til petroleumsnæringa. Foto: Arve Ullebø

Østerbø Maskin med Steinar Holen som leiar utviklar stadig nytt utstyr til petroleumsnæringa. Foto: Arve Ullebø

 Det er ikkje akkurat autostrada på sørsida av Sognefjorden. Svingar du til høgre på Søreide mot Østerbø, blir det nærast utforståeleg korleis store trailerar krokar seg inn til den vesle grenda. Men det gjer dei, både titt og ofte. På Østerbø ligg nemleg ei moderne og offensiv industribedrift som har lukkast med leveransar til petroleumsnæringa fordi dei har forstått kva utviklingskraft som ligg i samarbeid med andre.

 

Østerbø Maskin lagar reinsemodular til anna bedrift frå Høyanger, Safe Clean som har slått gjennom i petroleumsbransjen. Utstyret frå Østerbø har stadig blitt vidareutvikla og gjer jobben med reinsing og overflatebehandling av utstyr og komponentar på plattformene i Nordsjøen. Safe Clean skreiv sist haust under ein treårig rammeavtale med Statoil, som sikar den sterke veksten i selskapet med ein omsetnad på over 50 millionar kroner.

1 av 3 leverer til petroleumsnæringa
Dei to bedriftene i Høyanger er så visst ikkje dei einaste i Sogn og Fjordane som har fått ein fot innanfor petroleumsnæringa. Eit nytt Næringsbarometer for fylket, som mellom andre banken presenterer den 15. januar, syner at kvar tredje industribedrift har sikra seg leveransar til den ekspansive næringa. Det tilsvarande talet i «oljefylket» Hordaland er 35 prosent. Dette kan tyde på at næringslivet over heile Sogn og Fjordane er i ferd med å få oljeselskapa som viktige kundar.

Kva kan eg gjere?
Kanskje mange ha gjort som dagleg leiar Steinar Holen i Østerbø Maskin og stilt eit enkelt, men heilt sentralt spørsmål? Ein kveld han sat saman med ein representant frå Statoil, lurte han på om mannen hadde ein tanke om kva den mekaniske bedrifta på Østerbø kunne bidra med? Då kom ideen om ein spesialheis som kan mate oljerøyra med reinsebørstar på bordet. Holen og ingeniørane på Østerbø tok utfordringa på strak arm. I dag har spesialheisen blitt ein viktig del av omsetninga til bedrifta.

Samarbeid viktigare enn postadresse
Den vesle historia i Høyanger viser klart at verken vegstandaren eller postadressa avgjer kven som kan levere varer og tenester til petroleumsnæringa. Frimot og ein genuin vilje til samarbeidet med andre bedrifter er kanskje den viktigaste døropnaren. Sidan petroleumsnæringa truleg kjem til å investere for ufattelege 200 milliardar kroner på sokkelen i år, er det berre å hive seg i treskoa og springe til næraste samarbeidspartner. Minst 28 prosent av olje og gassproduksjonen i Norge skjer i havet utanfor Sogn og Fjordane. Den kjem til å vere høg i 30 år til.

Nytt Næringsbarometer
Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom Innovasjon Norge, Sparebanken Sogn og Fjordane, NHO, NAV og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Nytt nummer med petroleumsnæringa som spesialtema blir lansert i Sogndal 15. januar kl 11 og formidla direkte på internett på www.kxg.no