65 000 kroner i julegåve

JulegåveBak årets ni Furorevinnarar står det fleire lag og mange eldsjeler. Ni av laga som har vore med og utvikla årets Furore vinnarar har vi lyst å gje ei julegåve til. Du er med og avgjer kor stor gåva blir. Laget med flest stemmer får 15 000 kroner, nummer to og tre får 10 000 kroner kvar og resten får 5 000 kroner kvar.

Laga har ønskjelista klar – sjå under.  Stem på din favoritt           

Danseverkstaden
Fredrik Høstaker er eit av talenta frå Danseverkstaden i Førde. Danseverkstaden planlegg å flytte i nye lokale, og vil bruke julegåva til utstyr som kjem alle dansarane til gode; Nye matter og speglar.

Førde IL Langrenn
Førde si langrennsgruppe har utvikla mange dyktige langrennsløparar, Furorevinnar Gjøran Tefre er ein av dei. Laget er svært opptatt av godt miljø, og har lyst å bruke ei gåve til felles busstransport på skirenn.

Førde IL Alpin
Alpinist Kari Bergheim Hole er med sine prestasjonar og sin treningsvilje ein stor inspirator for komande alpinistar både i og utanfor Førde IL Alpin. Julegåva vil klubben bruke til å utvikle fleire toppalpinistar.

Florø Turn og Idrettsforening, friidrettsgruppa
Friidrettsgruppa til FTIF tel oppmot 200 medlemmar med smått og stort. Fridrettstalentet Øyvind Strømmen Kjerpeset er ein av fleire talent frå FTIF. Ei julegåve ønskjer gruppa å bruke til ei treningshelg for ungdomsgruppa i friidrettshallen i Åsane.

NMK Sunnfjord
Cedrik Fonn Skåre  har til tross for sin unge alder oppnådd fantastiske resultat innanfor gocart/motorsport. Dette er ein idrett som er svært ressurskrevjande, både for utøvaren og hjelpeapparatet. NMK Sunnfjord vil bruke julegåva til beste for motorsportinterreserte i fylket.

Tambarskjelvar IL, vektløftargruppa
Vektløftergruppa til Tambarskjelvar IL har heile tre Furorevinnarar: Jantsen Øverås (2012), Sindre Rørstadbotn(2011) og Vebjørn Varlid(2009). Dei ønskjer å bruke julegåva til å byggje eit godt lag rundt dei beste, slik at alle får eit felles løft.

Fjelltind 4H
4H klubben i Stardalen har gjeve designaren Aud Julie Befring uvurdeleg god læring. Klubben ønskjer å bruke julegåva til opprusting av volleyball og fotballbane i Stardalen.

Eid Musikklag
Trompetist Cecilie Aalberg har både fått utvikla seg gjennom Eid Musikklag og vore med og utvikla laget. Julegåva ønskjer laget å bruke til ein jubileumskonsert. Laget fyller 100 år i 2013.

Flatraket Skulemusikk
Den spanande pop-artisten Line Dybedal starta musikkarrieren sin ved Flatraket skulemusikk. Skulemusikken vil bruke julegåva på notar og fellesarrangement med andre korps. Vidare vil dei få til ekstra inspirerande instruksjon som bidreg til at musikken blir ein verdifull og sosial del av livet til musikantane

Les meir om:

Furorevinnarane

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane