Gode for 100 000 kroner

Kva har Gjøran Tefre, Jantsen Øverås, Øyvind Strømmen Kjerpeset og Kari Bergheim Hole til felles? Jau, dei er alle unge lovande idrettsutøvarar og har fått 25 000 kroner kvar i Furorestipend frå banken. Sjå kva juryen skriv i si tilråding:

Øyvind Strømmen Kjerpeset (21 år, Florø – friidrett)
Øyvind Strømmen Kjerpeset har blitt beskrive som eit av fylkets største friidrettstalent i fleire år allereie (mellom anna kåra til «største idrettstalent» av Firda/Olympiatoppen i fjor), og til tross for at sesongen byrja med skade har talentet verkeleg byrja å blomstre i flotte resultat. Det er særleg 400m hekk som er Øyvind si spesialøving, kor han i år forsvarte NM-gullet frå i fjor. Han har òg norsk juniorrekord på distansen, samt fleire Diamond League-medaljar. I sommar fekk han òg verdfull røynsle frå senior-EM, og er på god veg mot sitt langsiktige mål om å delta i OL. Og juryen gler seg sjølvsagt til å heie Øyvind fram i Rio i 2016!

Gjøran Tefre (19 år, Førde – langrenn)
Gjøran har imponert juryen med si målretta og seriøse satsing innan ein idrett kor det å hevde seg nasjonalt er synonymt med å hevde seg i verdstoppen. Og det som kanskje fortel mest om Gjøran si satsing, er at han var blant topp 10 i kvart einaste Norgescup-renn i fjor; to av desse var førsteplassar. Kommande sesong finn vi òg Gjøran på juniorlandslaget – og høgt oppe på enda fleire resultattavler, trur juryen.

Kari Bergheim Hole (20 år, Førde – alpint)
Kari har allereie etablert seg i Norgestoppen i alpint, og vert vurdert blant dei 10 beste slalåmkøyrarane i Noreg – og innan fartsdisiplinane er ho kanskje ein av dei tre beste. I år vart ho òg oppteken i Skiforbundet si nye elitesatsing Team Lillehammer Alpine, og eit stort steg nærare sitt langsiktige mål om å etablere seg i World Cup-sirkuset i Alpint, samt VM- og OL-deltaking. Juryen ønskjer lukke til vidare!

Jantsen Øverås (18 år, Fjaler – vektløfting)
Han fylte 18 i september, men er allereie Nordisk meister i si års-/vektklasse; og jamvel Norgesmeister i seniorklassen. Jantsen er òg med på elitesatsinga «Prosjekt Rio 2016». Beint ut sagt er ikkje juryen i særleg tvil om at Jantsen kjem til å vere ein dominerande figur i sin idrett i åra framover. Det er berre å glede seg.

Vi gratulerer dei fire verdige vinnarane, og her finn du oversikt over dei stipenda vi har delt ut tidlegare i år.