Å plante ein hage er å tru på morgondagen

“Mamma, no har eg venta så lenge at Oskar har fått bart”. Seksåringen min held lillebroren, Oskar, og ventar. Eg gøymer eit smil. Ikkje fordi ho har venta, men fordi ungane har så herlig oppleving av tid. Eg likar å tenke at vi lever i nuet og må nyte kvar stund, også stundene prega av kaos.

Eg har ein kollega som er noko over snittet opptatt av pensjonsparing. Ho er fleire år yngre enn meg, og har alt spart nokre år. Ho prøvar frå tid til anna å få augene mine opp for at pensjonsparing er smart. Ho har sjølvsagt heilt rett, men med mitt fokus på her og no, så er det ikkje lett og trengje gjennom. Eg synest vi er så flinke som har kort nedbetalingstid på huslånet og sparar til ungane kvar månad. Pensjon? Bevaremegvel…. Det tek vel arbeidgjevar seg av. Eller?

Ventetida til seksåringen er over – vi er på veg ut for å snekre nokre nye blomsterkassar til dukkehuset. Eg har lyst å stoppe tida. Seksåringen prøvar å rekne ut kor lang tid det tar før solsikka blir ein meter. Tar springfart for å måle opp ein meter. Minsten smakar seg fram til kva som er best av meterstokk eller hammar.

Telefonen vibrerer i lomma. Det er kollegaen min som har sleppt laust “pensjonstrollet” i seg. På Instagram finn eg to bilder. Eit av mi pensjonstid med pensjonsparing og eit utan pensjonsparing. Eg svarar: “Ler HØGT”. Det stikker litt. Ho har jo heilt rett. Eg held fast på gjere mest muleg ut av dagen i dag. MEN å gjere mest muleg ut av alle dagar som kjem også – det er jo det eg vil. Kostar fort litt peng. Eg må jo ha råd til å gjere dei tinga som er viktige for oss i dag og i framtida.

“Kan eg arve denne, mamma?” Tankerekka mi blir avbroten. Seksåringen held fram den glinsande raude hagespaden min. Ho minner meg i same slengen på at tida ikkje let seg stanse. Klart du kan seier eg, og tenkjer at eg håpar det blir meir å arve enn denne hagespaden.

Eg googla litt på kvelden. Finn fort ut at eg er ikkje aleine om å skubbe tankane om pensjonsparing i frå meg. Faktisk så er eg i veldig godt selskap. 60% sparar ikkje til eigen pensjon. Eg synest det er litt kjipt å innsjå at eg er så pass ordinær og godtruande. Det fine er at om eg begynner no, så treng eg ikkje spare så mykje kvar månad som eg måtte gjort om eg utsette det endå lenger. Viser seg endå til at vi damene ligg dårligast an. Kvinner tener ofte mindre enn menn og det er fleire kvinner som jobbar deltid for å ta seg av eigne barn. Menn er tydlegvis flinkare å spare enn kvinner også.

Eg kastar eit blikk bort mot dukkehuset, og ser blomsterkassen vår fylt med jord og blomsterfrø. Eg blir på minna på eit sitat av Audrey Hepburn “å plante ein hage er å tru på morgondagen”. Med sikkerhet veit eg at pensjonsparing skal opprettast. Sidan det faktisk er ei god stund til den skal realiserast, så blir det hovudsakleg fondsparing på meg. Kvifor? Sjå min «overtydelege» kollega.

 

 

Prøv SKAGEN Fondene sin sparekalkulator.

Likte du SKAGEN Fondene sin sparekalkulator, sjå nettsidene våre om Sparekonto Høgrente og sparing i fond.