Bank in the USA

Drive-in bank i La Crosse 28.september sat 3 spente tilsette og ein småfeit sparegris (Rolf) frå Sparebanken Sogn og Fjordane på flyet til USA. Kva ville dei neste 8 dagane i byen La Crosse i Wisconsin lære dei om dagleglivet i ein småby i Midtvesten og amerikansk bankvesen?

I  La Crosse bur det over 50.000 menneske, og mange har norske aner, og er veldig opptekne av alt som er norsk.  Førde og La Crosse er vennskapsbyar,  og  i delegasjonen som reiste nedover var  ordførar, rådmann, venskapskomiteen og tilsette i Sparebanken Sogn og Fjordane og Helse Førde.

Men lat meg gi ordet til Magnus Vie, Elin Aaland og Randi Vigdal – kollegaene våre som var med på turen, slik at dei kan fortelje om opplevingane sine:

Vi budde privat under heile opphaldet, og vertane våre stod på pinne for oss heile tida, og ville at vi skulle få ei fin tid hos dei.  Lokalbefolkninga var veldig opne og imøtekomande, slo gjerne av ein prat, inviterte oss på vitjing, og vi fekk heile tida spørsmålet : How are you?  Vi blei mellom anna inviterte på besøk til ein fantastisk flott eigedom som låg på ei øy midt i Mississippi. Eigarane av denne eigedomen var familien Gundersen. Dette er ein mektig familie med norske aner. Dei eig både sjukehuset og ein bank som vi også fekk besøke i løpet av veka. 

Dagane  var fulle av aktivitetar/møter frå tidleg til seint. Men litt shopping greidde vi likevel å få plass til: Onsdagen var vi til Minneapolis på eit av verdas største kjøpesenter: Mall of America. Dette var digert!  Her var både vannsklie og tivoli inne i kjøpsenteret. Her hadde vi 1,5 time, noko som var nok for oss. Det blei rett og slett for stort..   
   
Vi fekk og oppleve den gode, gamaldagse basarkjensla på medlemsmøtet til ”Sons of Norway”, og dei blå bank t-skjortene vi bidrog med til gevinstar, vart mottekne med jubel av vinnarane.

Opning av ”Huldefossen”:
Tysdagen var vi på opning av ein liten foss som er ein miniatyr av Huldefossen i Movika. Fossen ligg i den internasjonale parken midt i sentrum av La Crosse. I denne parken har Førde sitt eige område. Ordføraren i Førde, Olve Grotle stod for opninga av fossen med å halde ei fin tale og ved å overrekke gåve frå Førde.

Oktoberfestival
Første dagane hamna vi midt oppi ein gedigen oktoberfest, og byen dobla innbyggjartalet desse dagane. Eit enormt opptog med mange missekåringar, alle bedriftene i byen presenterte seg på kreative måtar. Vi deltok i opptoget med norske flagg og Rolf’en.  Både opptoget og opninga av Huldefossen blei dekka av lokalt fjernsyn.

Bustadfinansiering/betalingsformidling.
I USA er eigarforholdet til privatbustadar ulik her heime. I USA er  all gjeld  knytt direkte til bustaden og ikkje til deg som person.  Blir det for tøft å betale lånet kan ein flytte frå huset og banken sit att med eigedomen. Rentenivået er svært lågt også i USA: her kan ein binde renta på bustadlånet på omlag 2-3% med ei bindingstid på opp til 30 år!   Elles var det overraskande å sjå kor lite utbreidd kortbruken var. Framleis var kontantar og sjekkar (!) svært mykje brukt.  Magnus opplevde at vertinna hans køyrde med bil eins ærend til ein Drive-in bank for å veksle inn ein sjekk. Veldig ulikt vår norske kvardag!

Bank inne på sjukehus
Vi fekk oppleve kredittføretaket Gundersen Lutherian Credit Union som var lokalisert midt inne i Gundersen Lutherian Hospital. Det var enkle, små lokale inne i sjukehusbygget, og veldig uvanlege arbeidstilhøve for oss. Pasientane vart trilla forbi i sengane sine i korridoren utanfor, og legar og sjukepleiarar hasta forbi.  Kredittføretaket plasserer  og låner ut pengar til tilsette ved sjukehuset og familiane deira.

Merchants bank
Her kjende vi oss litt meir på heimebane, for dette er ein bank med lokalt eigarskap og med 230 tilsette. Våre amerikanske ”kollegaer” tok veldig godt imot oss, og var oppriktig interesserte i korleis vi dreiv bank i Noreg. Dei ga oss eit veldig godt innblikk i banken deira, og brukte mykje av tida si på oss den dagen vi var der.  Banken låg utanfor bykjerna, men i kjend amerikansk stil køyrde kundane til banken. Elles dreiv dei mykje oppsøkjande verksemd og var mykje på farten til nye og gamle kundar.

Vi hadde og fleire andre minnerike opplevingar, blant anna på besøk til Amish-folket,  på museumsbesøk i Norskedalen, og Magnus fekk vere med på båttur på Mississippi..

Sparegrisen Rolf var med oss overalt og fekk oppleve mykje meir på ei veke enn ein norsk sparegris  vanlegvis får gjennom eit heilt liv. Han fann seg faktisk så godt til rette, at han nekta å bli med heim att. Så no bur han hos Magnus si vertinne og ho følgjer opp med å sende bilde til oss, for å vise kva han opplever.

Sjå bildeserie her, og noko av det vi var med på ”over there”