Vakkert framtidsbilete

Grunderprisen 2012 Fredag 1. november sat eg i samfunnshuset i Florø og såg på eit vakkert bilete. Eg snakkar ikkje om kunst, ikkje om foto, ikkje om noko spektakulært, men om ein flokk unge menneske som Sogn og Fjordane har vanvittig bruk for.

10 kreative sjeler venta spent på tildeling av den første gründerprisen frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Dei hadde reist frå Gulen, frå Stryn, frå Sandane, Førde og Vik for å snakke om gründerbedrifta si på lokalradioen og kjempe om den ærefulle prisen på 100.000 kroner. Ideane representerte stor spennvidde frå betalingsautomat på legesenteret, timeregistrering på mobiltelefon, legekonsultasjon på internett, grafisk illustrasjon på websider og dronehelikopter for inspeksjon av kraftliner.

Eventyrleg i Vik

Det særleg oppløftande med den flotte gjengen med gründerar, var at alle hadde sett ideen sin ut i livet og laga inntektsbringande bedrifter. Mest inntektsbringande av dei alle er Highsoft Solutions frå Vik som dermed kapra den første gründerprisen frå banken. På kort tid har dataprogrammerar Torstein Hønsi og dei sju medarbeidarane hans auka omsetnaden frå 3 millionar kroner i 2010 til truleg 21 millionar i år. I fjor selde vikjene dataprogram over heile kloden for 12 millionar kroner og sat att med vel 8 av dei på botnlina. Prisvinnarane har med andre ord skapt eit heilt eventyr av ei  pengemaskin i Sogn. Det som no skjer i Vik med Higsoft Solution minner meg mykje om starten til Elis i Dale. Også der la ein gründer grunnlaget for ei databedrift som etter kvart har fått over 50 arbeidsplassar.

Stor trong for nyskaping

Sogn og Fjordane er dessverre blant fylka med færrast nyetableringar. Trongen for nye, livskraftige bedrifter og nye spennande arbeidsplassar er eigentleg enorm om fylket skal ha håp om vekst i folketal og samfunnsutvikling. Derfor er gründerbiletet frå prisutdelinga på Temposeminaret så flott, og så oppløftande. Derfor er fokuset frå banken, stiftinga og nrk på gründeridear og gründerbedrifter så viktig og framtidsretta.

Gassellekåring

Den 9. november har Dagens Næringsliv for første gong lagt ei kåring av gassellebedrifter til fylket. Avisa skal framheve og utmerke bedrifter som har oppnådd eksepsjonell, god vekst dei siste, fire åra. Kanskje ser den fremste næringslivsavisa i landet at det for alvor spirer og gror mellom fjordar og fjell? Kanskje er det fleire enn nokon gong som vågar seg ut på det djupe og farefulle gründerhavet? Eg veit ikkje, men eg håpar og trur. Utan nyskaping, forvitrar samfunn og næringsliv. Vi gratulerer Highsoft Solutions med gründerprisen og håpar at eventyret i Vik stimulerer fleire kreative sjeler i fylket. Banken og stiftinga er klar med applaus og nye pristildelingar.