Ein kjempedugnad – mot urett

Dagfinn Nyhammer og Kjell Baadstø talde opp over 200 000 kroner i banken vår i Gloppen.

I helga talde eg og Kjell (Baadstø) pengar.  Masse pengar.  No  var det slett ikkje våre eigne pengar, det ville vere ein nokså kjapp jobb.  Nei, vi talde pengar som skulle tilfalle Amnesty International, og det var dei innsamla Gloppen-bøssene i den nasjonale dugnaden på søndag vi tømde.

Sparebanken Sogn og Fjordane har hovudansvaret for oppteljinga i fylket, og har dermed mange av sine medarbeidarar i sving på dagen for TV-aksjonen. Som ein av dei som i mange år har vore med på bøsseteljing, synest eg det er eit flott høve til å delta i ein god og landsomfattande  dugnad.  Den same holdninga har heilt sikkert også kollegaene mine; dette er ein kjekk og meiningsfylt søndags ettermiddag.

Vi er sjølvsagt også stolte av at arbeidsplassen vår, Sparebanken Sogn og Fjordane, er ein god bidragsytar til aksjonen; femti tusen blanke kroner er gjeve til årets aksjon;  ”Stå opp mot urett”!

Liv Randi Teige og familien hennar bur i Skjerdalen, og hadde gått med bøsser heime i Skjerdalen, på Hyeneset og på Hestenesøyra.

 
Sogn og Fjordane vart toppfylket også i år, med høgst bidrag pr innbyggar til TV-aksjonen.  Sjølvsagt har vi godt hjartelag i fylket vårt, men vi er også gode å organisere innsamlingane.  Dei lokale kommunekommitèane  og bøsseberarane  som er i sving, og fortener massevis av skryt.

Når bøsseberarane kjem i banken med ”fangsten”, får vi også ein del gode historier på kjøpet.   Bøsseberarane treffer berre blide folk i dørene, og mange eldre sit klar i stolen med setlane i handa, ventande på at det skal ringe på døra.  Og er ikkje folk  heime, har dei gjerne hengt ein liten plastpose med pengar på dørklinka til det gode formålet.  Vi lever jammen i eit velsigna ærleg fylke! 

Kanskje sit både Kjell og eg her også neste år på denne tida, med nykokt kaffi, brus og Twist til innsamlarane. Denne flotte dugnaden som landet dreg i gong når hausten er på hell, og gult lauv dryssar over dei som går frå dør til dør med innsamlingsbøsse i handa; denne dugnaden vil vi meir enn gjerne vere ein del av!