#Tempo12 og stolt sponsor

Første torsdagen i november går årets Temposeminar av stabelen. Seminaret handlar om suksessfaktorar i livet og er det største inspirasjonsseminaret for næringslivet i fylket. For meg har Temposeminaret dei siste åra først og fremst handla om jobb – førebuing, tvittring og engasjement. Og eg er stolt av at Sparebanken Sogn og Fjordane held fram som generalsponsor.

Verdas beste føredragshaldar

Verdas beste føredragshaldar kjem til Temposeminaret i år. I alle fall vart Nando Parrado kåra til dette av World Business Forum i 2010. Parrado har med seg ei sterk historie frå flyulykka i Andesfjella, der han som 20-åring overlevde på smeltevatn og menneskekjøt. Han var faktisk motivator for Barcelona FC før Champions League-finalen i fjor, og det gikk jo rimeleg bra. Deltakarane på Temposeminaret blir sjølvsagt ei hardare nøtt å knekke, men likevel… På scena kjem også Kjetil Kristoffersen. Han er John Cleese sin turnémanager i Europa og den  tidlegare fotballspelar- og trenaren veit korleis ein lukkast med sal.  Simen Staalnacke og Jan Egil Flo treng vel ingen vidare introduksjon – Moods-gutane er allereie pensum på Harvard Business School. Det er berre so bra! Og sist men ikkje minst kjem Eia. Komikaren Harald Eia. Sosiologen Harald Eia. Filosofen Harald Eia. Det er dei to siste vi får møte på Temposeminaret. Ispedd med litt humor sjølvsagt.

Ulldottar på ein foil

Eg hugsar enno eit av føredraga på Temposeminaret i 2009. Det kom ei vaksen dame inn på scena. Kledd i dress og med ein projektor. Å herregud, tenkte eg. Ikkje sei at ho skal til å styre med foilar. I 2009… Og det skulle ho. Men då Janne Vangen Solheim etterkvart fortalde ei heilt eventyrleg historie om korleis dei tok den over 100 år gamle tekstilfabrikken Janus inn i framtida, vart eg inspirert. Marknadsstrategien såg ut som ulldottar teikna med barnehand og valet av projektor vart heilt bevisst. Men det var så kult. Og ho var utradisjonell. Kreativ. Og utroleg inspirerande. Fram til den dag i dag er det få eg har blitt like inspirert av på ei scene. Så takk til Janus-Janne og takk til Temposeminaret! Det har vore mange andre gullkorn og høgt nivå på føredragshaldarane alle dei åra eg har vore med, og for meg er ulldottane på foil enno ein inspirasjon.

Kven får 100 000?

Fem kandidatar kjempar om å vinne 100 000 frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og få «Årets Gründerpris 2012». Lege.no, Droneservice, Proresult, Melin Medical AS og Highsoft Solutions. Spennande! Eg har i alle fall stemt på min favoritt. Moods-sjefen, innovasjons-sjefen og bank-sjefen sit i juryen, og vinnaren vert annonsert på direktesendt radio under Temposeminaret. Sparebanken finn du både i Flora Samfunnshus og i sosiale media den dagen. Følg med på #TEMPO12.

Meir informasjon om gründerprisen finn du her

Sjå Facebook-albumet vårt frå Temposeminaret 2011