Eit Pengetre i hagen

Lommepengar på agendaen. Igjen.

Jentene har laga eigne lister med arbeidsoppgåver og prisa tenestene sine. Klistra listene opp på kjøleskapet og kryssa av kvar dag! Men… engasjementet har vore kortvarig og fokuset har drukna i kor-øving, fotball og korps. Så no skal vi satse på nytt. Innsjå at motivasjonen ligg vel så mykje i løna som i arbeidsoppgåvene. Derfor skal vi starte i mål denne gangen.

Eg har to jenter, ei på 6 og ei som snart er 11. La oss kalle dei Sunniva og Ingrid, sidan det er det dei heiter. Dei slit seg ikkje akkurat ut heime, men er sosiale vesen og bidrar mykje på andre områder (viktig å fokusere på det positive, tenkjer eg). For det er vel i realiteten eg som stort sett ryddar opp etter dei, legger til rette og skjemmer dei bort. Som ivrige konglekundar tømmer dei sparebøssene sine jamleg og veit kven Lucy Lemen og den skumle Elggjengen er. Kongleriket har dei så og sei fått inn med morsmjølka, og så fort Kongleveka er over har vi blitt einige om å starte opp med lommepengar igjen.

Kva skal lommepengane dekke?
Først diskuterte vi kva lommepengane eigentleg skal dekke. Engasjementet var stort. Skulle dei dekke klede? Ingrid ønskjer seg nytt mobil-abonnement. Sunniva meiner at da må ho først få rosa mobil… Med litt hjelp vart dei einige om at lommepengane heime hos oss skal dekke småutgifter og impulsive kjøp.

Å hauste som ein sår osv.
Med dette som utgangspunkt diskuterte vi kor mykje dei skulle få kvar i veka, og så laga dei sjølv ei oversikt over kva arbeidsoppgåver dei skulle få ansvar for. Vi diskuterte oppgåver heime, innsats på skulen og god oppførsel. Men også at dei ikkje kan få betalt for alt dei gjør. Mi største utfordring blei å forklare kvifor ein del av dei mest kreative forslaga (som at Sunniva kunne plante Pengetreet frå Kongleriket i hagen) ikkje kunne nyttast og avgrense oppgåvene. Eg tenkjer at det er viktig å premiere også enkle ting som å henge opp kle og ta matboksen ut av skulesekken når dei kjem heim. Rydde rommet sjølvsagt, hente posten, rydde av bordet, mate Potter (katten) osv.

Vi startar i mål
Som nemnt. Motivasjonen låg i løna. Så når vi startar etter haustferien skal vi legge lommepengane i ein boks på kjøkkenet. Fordelt på 10 eller 20 kroner. Kvar dag (måndag til fredag) kryssar dei håpefull av kva dei har gjort i løpet av dagen på kvar sitt skjema. Har dei ikkje gjort noko av det dei har på lista eller berre halvparten så tek vi pengar ut av boksen igjen. Laurdag morgon får dei utbetalt det som er igjen. Også startar vi på nytt veka etter.

Det at pengar dessverre ikkje veks på trær

Eg veit det vil bli lærerikt for eldstemann å lære å dekke sine mest impulsive kjøp sjølv. Og spare til litt større ting (som nok eit mobildeksel med gutta i One Direction på). Om ikkje mange år er ho tenåring og kan få eige bankkort. Det står høgt på ønskjelista. For yngstemann blir lommepengane meir symbolsk og eg tenkjer det kan vere viktigare at ho forstår korleis småsparing fungerer og kva laurdag-snop eigentleg kostar. Begge veit at pengar ikkje veks på trær. Viss dei begynner å gjere det skal vi nemleg plante eit Pengetre i hagen…

___________________________________________

Fakta om norske barn og lommepengar: Det fins mange artiklar på nett om lommepengar. Ein link til tre av finn du nedanfor. Ei 2012-undersøking viste at ca halvparten barna i Norge får lommepengar. Av dei som får, så får barn i barneskulen i snitt får 56,- i veka i lommepengar, på ungdomsskulen stig talet til 135,- og 218,- for dei mellom 16 og 18. Eg har et bein på Vestlandet og et på Østlandet, så eg ville gjerne sjå korleis det så ut pr. fylke. I gjennomsnitt får barn i Sogn og Fjordane 145,- i veka i lommepengar. I Buskerud er talet 129,-. Dei andre fylka ligg mellom 105,- og 160,-.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/troms_og_finnmark/1.8286463 / http://mammanett.no/barn/lommepenger /http://www.tv2.no/play/underholdning/godmorgennorge/derfor-boer-du-gi-barna-lommepenger-657412.html