Subsea-utdanning i Florø!

Dei siste 10 åra har det vore ei imponerande utvikling på oljebasen i Florø. Samanlikna med kva som har skjedd i Rogaland, Hordaland, på Nordmøre, Helgelandskysten og Hammerfest er det likevel småtteri. Men for all del. Vi skal vere stolte og glade for den utviklinga vi har sett. Ny teknologi og nye funn gir også næring til tanken om at dette kan utvikle seg til noko langt meir i åra framover.

Så langt har miljøet i Florø tatt hand om vedlikehaldsoppdrag og forsyningstenester. Målet må vere at vi etter kvart kan ta steget vidare og bygge miljø som opererer plattformer og felt frå Florø. Det fordrar investeringar, nye tilbod og ny kompetanse. Dette var også noko av det som blei drøfta og belyst på oljekonferansen ”Vekst i Vest” i Florø på onsdag. Alle prognoser viser at der ein kan ta del i det som no skjer innan olje- og gassindustrien, så kjem vekst, utviking og verdiskaping i heile regionen. Difor er vi no inne i ei skjebnetid, ikkje berre for Florø, men for heile fylket. Enten klarer vi å utvikle petroleumsnæringa med den bredda i tenester, tilbod og leveransar som næringa krev, eller så blir vi hekta av endå ein gong.

Framtida vår

I dette store bildet er Subsea-utdanninga ei svært viktig brikke. Den vil knyte oss fagleg opp til eit viktig utdannings- og kompetansemiljø i Bergen. Utdanninga er svar på eit stort behov for ny type ingeniørkompetanse i Norge. Sist, men ikkje minst vil dette ha ein svært positiv verknad for miljøet i Florø gjennom at ungdomen kan ta si utdanning her og gjennom praksisplassar bli sterkare knytt til næringslivet i heile fylket. Derfor var det ei enkel avgjerd for Sparebanken Sogn og Fjordane å støtte dette prosjektet økonomisk. Dette må vi få til av den enkle grunn at det handlar om framtida vår!

Avgjerande for heile fylket

Å peike på olje- og gassnæringa som avgjerande for fylket si framtid høyrest sikkert dramatisk ut for nokon. Dette handlar heller ikkje om at anna næringsliv ikkje er viktig. Det handlar om at lønnsemda og investeringane i denne næringa er så store at det påverkar alt anna. Er vi ikkje med her, er min påstand at mykje anna vil stagnere. Difor er dette viktig fyrst og fremst for industrien og tenesteytande sektor i fylket, men også for landbruk, fiskeri og handel. Difor håpar eg at vi kjenner vår besøkstid enten vi er næringslivsleiarar, politikarar eller journalistar. Dette skal og må alle gode krefter i fylket gå saman om å realisere!

Link til artikkel på firdaposten.no «Banksjef opna lommeboka for subesa»

Link til artikkel i Fida «To millionar i gåve. Bank la pengar på bordet for subseaingeniør-utdanning»