Furore på Chat Noir

I helga var det femte Furorestipendet delt ut på Chat Noir i Oslo. Førde-artisten trudde sjølv han skulle vere den store overraskinga på eit jubileumsarrangement på søndag, vart både overraska og glad.

50 000,- til artisten Fredrik Høstaker

Fredrik (22) frå Førde er dansar, songar og skodespelar. Han har gått på musikk, dans og drama på Firda Vidaregåande og er i gang med 3. året på Bårdar Aakademiet, ein skule som tilbyr utdanning innan dans og musikkteater og er kjent som ein utviklingsarena for ei rekkje norske artistar. Via skulen har han fått kontakt med den verdskjende regissøren Chet Walker, som han leverte ein glitrande duett med på Chat Noir. Via Walker fekk Fredrik også ein av dei 24 plassane i song- og dansekulen Jacobs Pillow i USA sist sommar. Utan auditon. Det seier sitt!

Juryen si grunngjeving: Fredrik har jobba seriøst og målretta med si karriere sidan tidleg skulealder, og har helde fast ved dette og stadig vakse som artist gjennom tida på Bårdar Akademiet, med innsatsen i «Cabaret» på Chat Noir og med å få tilbod om ein av dei ettertrakta plassane på Jacob’s Pillow. Juryen ser fram til å følgje med på Fredrik si vidare karriere, og er sikre på at han vil vere ein framifrå representant for heimfylket, og ikkje minst ein stor inspirasjon for komande unge talent frå Sogn og Fjordane.

Juryen har bestått av Terje Lyngstad (Sogn og Fjordane Teater), Jo Inge Gåsvær (Førde Fotball), Torill G. Faleide (Førdefestivalen), Reiel Haugland (Sparebanken Sogn og Fjordane) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane).

4 stipend til i haust

Det står enno att fire Furorestipend å dele ut i haust. Vi vil prøve å dukke opp uannonsert når også desse stipenda skal delast ut. I tillegg til Fredrik Høstaker har følgjande mottatt Furorestipend i haust: gocart-køyrar Cedrik Fonn Skåre og Aud Julie Befring (designar), artisten Line Dybedal og trompetisten Cecilie Aalberg. Så viss du er blant dei som har søkt Furorestipend i år – følg med…

Meir informasjon om Furorestipendet til Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane finn du her.