Uventa Furore på Eid

Foto: Ynge Tolaas, Fjordabladet

I helga delte Sparebankstiftinga ut enda eit Furorestipend til ein uvitande, men lukkeleg mottakar. Kanskje dukkar vi opp på din «heimebane» i løpet av hausten…? Vi delte ut det fjerde av i alt ni Furorestipend no søndag, og som vi òg gjorde ved utdelinga av dei tre andre stipenda i haust, hadde vi alliert oss med vener og familie og overrumpla ein fullstendig uførebudd stipendmottakar.

25 000,- til Cecilie Aalberg

Denne gongen var det trompetist Cecilie Aalberg (20) frå Eid som vart overraska med ein sjekk på 25 000 kroner då ho sto på scenen i Stårheim kyrkje. Og det var fleire enn stipendmottakaren som sleit med å halde tårene attende når regionbanksjef i Nordfjord, Anders Skipenes annonserte stipendet.

Ved overrekkinga fekk Cecilie eit bilete av fotograf (og tidlegare Furoremottakar) Thomas Morel, som er særleg kjent for sine fantastiske «action-foto» – dette var fordi at alle stipendmottakarane får ein fotosession med Morel seinare i haust/vinter, som ein del av stipendet. Noko som utvilsamt vil vere nyttig i Cecilie si vidare karriere-bygging som artist (vi vil sjølvsagt vise fram bileta her på meirennbank.no seinare i vinter, når bileta er tekne).

Cecilie har nett flytta til Trondheim for å byrje på bachelorgraden innan utøvande musikk ved NTNU i Trondheim, så vi reknar med at pengane vil kome godt med. Vi gler oss elles til å følgje med Cecilie si vidare musikalske utvikling. Ho har allereie oppnådd imponerande resultat; mellom anna vart ho plukka ut til Noreg sitt nye orkester for unge musikarar (NBO – Norsk Blåseorkester) med Ole Edvard Antonsen som dirigent, og i sommar var ho med i orkesteret til Peer Gynt-oppsettinga på Vinstra. Ei fin start på ei karriere vi har forventningar om å høyre meir til i framtida.

Men dette tyder at det står att fem Furorestipend å dele ut i haust. Vi vil prøve å dukke opp uannonsert når også desse stipenda skal delast ut. Dei tre første Furorestipenda gikk til gocart-køyraren Cedrik Fonn Skåre, designaren Aud Julie Befring og artisten Line Dybedal. Så viss du er blant dei som søkte på Furorestipend innan søknadsfristen 15. juni i år – skal du ikkje føle deg for trygg i tida framover…

For meir informasjon om Furorestipendet vårt, klikk her.