Furorestipend til Line Dybedal

I dag vart det tredje Furorestipendet delt ut under «Blest» på Nordfjordeid.

50 000,- til artisten Line Dybedal

Line (24) har allereie demonstrert at ho fortener ein plass på den norske pop-scenen, både som vokalist i Pink Robots, som gjesteartist hos andre artistar og som soloartist. I tillegg jobbar ho målretta og profesjonelt mot det juryen håper og trur kan bli ei spanande artist-karriere innan eit felt kor det er svært mange som slost om merksemda. Line er oppvaksen i Selje og har gått på musikk, dans og drama på Firda VGS.

Sjekk ut Line Dybedal du på NRK Urørt

Juryen har bestått av Terje Lyngstad (SoFT), Jo Inge Gåsvær (Førde Fotball), Torill G. Faleide (Førdefestivalen), Reiel Haugland (Sparebanken Sogn og Fjordane) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane).

Dei to første Furorestipenda gikk til gocart-køyraren Cedrik Fonn Skåre og designaren Aud Julie Befring. Det skal delast ut ytterligare 6 Furorestipend i haust, så følg med 🙂