To Furorestipend delt ut

Dei to første Furorestipenda vart delt ut under Eldsjelsamlinga i dag:

50.000,- til gocart-køyraren Cedrik Fonn Skåre

Cedrik (16) har til tross for sin unge alder oppnådd fantastiske resultat innanfor ein idrett som er svært ressurskrevjande, både for utøvaren og hjelpeapparatet. Særleg imponert var juryen av samanlagtseieren i Noregscupen, noko som vitnar om ei seriøs og langsiktig satsing. Førde-guten har som ambisjon å køyre Formel 1. I NM no i august måtte Cedrik køyre i ein ny og hardare klasse (KZ2) for fyrste gong, men pga tekniske problemer i innleiinga måtte Cedrik starte alle løp på 25. plass; eit håplaust utgangspunkt. Men etter 38 (!) forbikøyringar enda han likevel på ein 7. plass.

25.000,- til designaren Aud Julie Befring

Aud Julie (26)har vist ei imponerande evne til leiken nyskaping kombinert med stor kjærleik for lokale tradisjonar. Det er òg eit positivt element av næringsutvikling i faget og i tenkinga hennar. Juryen er difor overtydd om at ho har ei spanande designar-framtid foran seg. Designaren frå Stardalen i Jølster har bidratt til å få design-Noreg på kartet internasjonalt og i år vann ho Norges Husflidslag & Statoil sin designpris «Morgendagens Kulturarv». I 2010 designa ho si eiga t-skjorte for joika-kaker fordi ho likte det så godt. Produsenten fekk høyre om det, og belønna ho med eit brett joika-kaker. Etter dette fekk ho tilnamnet «Joika-Julie» av Sogn Avis.

Juryen har bestått av Terje Lyngstad (SoFT), Jo Inge Gåsvær (Førde Fotball), Torill G. Faleide (Førdefestivalen), Reiel Haugland (Sparebanken Sogn og Fjordane) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane).

Det skal delast ut ytterligare 7 Furorestipend i løpet av hausten, så følgj med 🙂

For meir informasjon om Furorestipendet vårt, klikk her.