Givarglede

 

Å få gi nokon ei gåve gjer noko heilt spesielt med oss. Tenk tilbake til julekvelden, og den gåva du kjente at du traff spesielt godt med: ein blir både stor og liten på ein gong. Fordi stoltheita veks i bringa, samstundes som at ein blir litt audmjuk og takksam for den gode responsen.

Nokre få av oss har det faktisk som jobb å gi gåver. Fulltidsjobb. Det er nesten så eg av og til må klype meg i armen av det smått utrulege i dette. At fylket sin største sparebank har eit føremål om å føre tilbake overskotet til samfunnet som skapte det. Som gjer at vi i Sparebankstiftinga nesten kvar einaste veke får «julekvelds-kjensla» når vi får moglegheita til å innvilge ein søknad.

Det var den kjensla vi hadde så lyst til å dele med banken, når vi inviterte dei tilsette til å vere med og plukke ut «bank-gåva»: Vi ba om tips om eit tiltak eller ein organisasjon som verkeleg fortente ei gåve, så styret i Sparebankstiftinga kunne velje ut eitt av dei. Sparebanken Sogn og Fjordane har over 270 tilsette spreidd over heile fylket, så for Sparebankstiftinga med sine to tilsette er det ein kjemperessurs å kunne nytte seg av den enorme kunnskapen dei tilsette til saman har om det som går føre seg på lokalt nivå i fylket vårt.

Styret i Sparebankstiftinga tok i førre veke føre seg dei innkomne forslaga, alle saman gode og reflekterte innspel – det var vel strengt tatt ikkje eit einaste tiltak dei ikkje kunne tenkje seg å støtte. Difor er det heller ikkje nokon av forslaga som går i papirkorga; vi tek dei med oss vidare som gode råd, alle saman.

Men vi fann ein verdig mottakar av «bank-gåva». Faktisk så verdig at den vedtekne råma på 250.000 kroner måtte jekkast opp til 375.000 kroner totalt. Forslaget styret i stiftinga falt for, var gangbrua over Keilevågen i Florø. Brua har i tillegg til å vere ein snarveg til kystmuseet, knytta saman friluftsområda i Florø til ei samanhangande tursløyfe. Noko som har ført til at området har vorte nytta av langt fleire, og av langt fleire typar brukarar, frå besøkjande til Kystmuseet til trilleturen med barnevogna, joggarar og hobbyfiskarar. Difor var fortvilinga stor i Florø når brua vart kondemnert i fjor, noko dei mange oppslaga i Firdaposten vitnar om. Nokre driftige eldsjeler har jamvel starta med både kakesalg og anna for å få brua opna att. Men etter snart eit år står det framleis 750.000 kroner att før prosjektet kan setjast i gong. Difor lettar no Sparebankstiftinga jobben med å samle inn pengar til brua, ved å doble kvar innsamla krone til Keilevågbrua. Når Florøværingane sjølve stiller opp, kan ikkje vi vere dårlegare!

Sparebankstiftinga ønskjer at overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane skal utløyse aktivitet og entusiasme. Den aktiviteten Keilevågbrua skaper er godt dokumentert, og vi er òg visse på at det engasjementet Florøsamfunnet  har vist for brua til no, vil fortsetje heilt til brua kan opnast att.

Då skal eg gå turen ut til Kystmuseet i fagre Florø. Og klype meg i armen medan eg spaserer over Keilevågen.