Maritime kompetansemiljø i Sogn og Fjordane

Når dette blir lest er dei fleste frå våre maritime miljø samla på fiskerimessa i Trondheim. Her har ein klar å samle seg om ein felles stand for miljøa i fylket, noko som kan stå som symbol på samarbeidet som utviklar seg også på heimebane. Dei siste åra har endringane i fiskerinæringa vore store, og synonymt for dei som har lykkast er hardt arbeid, framsyn, evne til samarbeid og tilgang på kapital. Heldigvis har vi mange av disse i fylket frå Stadtlandet i nord til Byrknes i sør.

Ein dokumentasjon for viljen til å investere, men kanskje også kva det kostar å vere med, er at det er ingen bransje der utlåna våre har auka så kraftig som nettopp innan fiskeri. I disse dagar passerar utlåna 1,5 milliard kroner. Men investeringane har vore naudsynte for å henge med i utviklinga og ta del i den verdiskapinga som fiskerinæringa representerer. I tillegg er disse investeringane livsviktige for busetting og trivsel på kysten av Sogn og Fjordane. Min påstand er at fylket gjennom dei ti siste åra har styrka sin posisjon som ein av dei leiande fiskeriregionane i Norge.

Gjennom det som no skjer med bygging av to nye båtar ved Solund Verft AS, passerar vi ein ny milepæl i utviklinga av maritime kompetansemiljø i fylket. I alle fall kan ikkje eg huske at vi har sett eit prosjekt der både sluttproduktet og så stor del av alle leveransar høyrer heime i fylket. Det er difor grunn til å dvele litt med dette og glede seg stort over det som skjer.

At Lending Rederi AS frå Solund og Vestøy AS frå Bulandet/Askvoll er i posisjon til å bestille to nye båtar av denne storleik og utrustning er ikkje sjølvsagt. Du skal ha kvoter, kapital og kompetanse. Gjennom Seacon AS i Måløy har vi fått fram eit miljø som konstruerar båtar i verdsklasse innan for sitt fagområde. HAFS Elektro skal stå for den svært krevjande jobben å installere alt elektronisk utstyr og Maritim Montering AS frå Gaular har vokse seg fram til å bli ein stor aktør på innreiing og utrustning.

Så både håpar og trur eg at Solund Verft AS vil lykkast i å styre dette fram til eit vellykka prosjekt sjølv om det å bygge denne typen båtar frå grunnen av er noko nytt for dei. Tett samarbeid med kjente aktørar frå teiknebrettet til sluttbrukar er det som gjer meg til optimist også når det gjeld nettopp dette. I så fall vil verdiskapinga av eit slikt prosjekt vere svært verdifull for ein heil region. Samtidig er det viktig å minne kvarandre om at nettopp på grunn av denne tette integrasjonen er fallhøgda også stor. Feilskjer, og i verste fall ”havari” i eit slikt prosjekt vil dra mange med seg.

Akkurat det kjenner dei nok på dei som har vore nøkkelen til å realisere dette prosjektet, nemleg Hans Wergeland og hans verksemd med utgangspunkt i Sløvåg. Eg likar lokale kapitalistar som vågar å bruke sine økonomiske musklar til å skape ny næringsverksemd. Det gjer det også mogeleg for oss som bank å bidra med vår kapital og vår kompetanse. Summen av det heile blir regional verdiskaping og utvikling av kompetansemiljø.

Måtte dette spore endå fleire til samarbeid og tru på framtida!