Er 222 millionar mykje pengar?

Dette var resultatet til banken før skatt etter 6 månader i år. Ja, det er mykje pengar. For mykje vil kanskje nokon seie, og tenkjer på at ein sparebank skal vere til for kundane og lokalsamfunna. Ja, det er dei vi lever av og lever for. Nettopp difor er det viktig at vi tener pengar. Mykje pengar!

Banken har gjennom 25 år vokse og utvikla seg til å bli ein solid og stor bank i norsk målestokk. Faktisk er vi den 9. største sparebanken i landet med utgangspunkt i eit fylke som har vel 2% av befolkninga. Det skal vi vere stolte av og glade for. Eg trur Norge, og ikkje minst distrikts-Norge, treng både dei små lokale og dei litt større regionale sparebankane. Fokuset til dei store nasjonale og nordiske bankane ligg nemleg heilt andre stadar. Det var også mangfaldet og soliditeten i norsk banknæring som gjorde at landet kom seg så godt gjennom finanskrisa for få år sidan.

Konkurransekraft

Men sjølv om våre kundar høyrer heime i fylket, må vi tilpasse oss ein nasjonal konkurransesituasjon, og til dels internasjonal pengemarknad og regelverk. Det betyr ganske enkelt at vi må vere konkurransedyktige i alle ledd; utlån, innskot, produkt, teknologi og kompetanse. Er vi ikkje det, vil heller ikkje folk i Sogn og Fjordane nytte oss som sin bank.

Det handlar om tillit

Bank handlar svært mykje om tillit. Det viste også finanskrisa. Den dagen kundane misser tilliten til banken, står dei klare til å ta ut pengane sine. Då er vi også ferdige som bank. Som bank må vi ha tillit både hos kundane og i finansmarknaden der vi i dag hentar om lag 12 milliardar kroner. Med gode resultat og sunn drift får vi også gode vilkår og kan levere konkurransedyktige prisar på utlåna til kundane våre. Svake resultat gir motsatt effekt.

Gode resultat over tid betyr med andre ord konkurransedyktige prisar til våre kundar. Ikkje omvendt, som kanskje mange trur. Men det er også to andre forhold som eg må få lov å peike på.

Attraktiv arbeidsplass

Eg nemnde kompetanse som eit konkurranseparameter ovanfor. Bank og finans handlar i dag svært mykje om kompetanse, både mot kundesida og mot intern styring og utvikling. Skal ein henge med, må dette vere i fokus heile tida. Då må vi også vere ein attraktiv arbeidsplass som tiltrekkjer oss dei flinke folka, dei gode talenta, dei dyktigaste leiarane og medarbeidarane. Ei bedrift som ikkje tener pengar, klarer heller ikkje å profilere seg og investere tilstrekkeleg til å bli attraktiv.

Overskot tilbake til kundane

Mitt siste poeng knyter seg til sparebankane sin eigenart, nemleg at det er kundane som eig oss og som dermed også får ein stor del av overskotet vårt. Dei siste fem åra har Sparebanken Sogn og Fjordane gjennom gåve- og sponsorverksemd delt ut om lag 110 millionar til kultur og idrett i fylket. Det kjennes godt! Det kjennes rett! Men det hadde heller ikkje vore mogeleg om vi ikkje tente pengar. Mykje pengar!