Bulyst i Kalvåg

Eg les at Nye Bremanger har fått 2,1 millionar i offentlege midlar for å gjere bygda endå meir attraktiv.  I ei tid då sentraliseringskreftene verkar sterkare enn nokon gong, krevst det ei skikkeleg mobilisering i distriktsnorge.  Eg trur ikkje vi kan stoppe desse kreftene, men vi kan utfordre dei akkurat slik dei har gjort det i Bremanger dei siste åra.  Lat oss ta knekken på mytene og haldningane gjennom konkrete handlingar.  Stikkordet er nok ein gong SAMARBEID! Samarbeid som grunnlag for investeringar i infrastruktur og utvikling av eit lønnsamt næringsliv.  Sjølve fundamentet for gode lokalsamfunn.

 

Som leiar for Sparebanken i fylket reiser eg mykje rundt.  Eg opplever svært mykje positivt, men legg heller ikkje skjul på at av og til blir eg også oppgitt.  I så fall er ofte grunnen mangel på aksept for andre meiningar, mangel på vidsyn, manglande framtidstru og fornying.  Det eg vil fortelje litt om her er mitt møte med det motsette.

Sist måndag var eg i Kalvåg for å halde meg oppdatert på korleis det går med samarbeidspartnarane våre.  Vi starta hos Sylvi Røys på Brødrene Larsen AS, ei bedrift som har eksistert sidan tidleg på 60 talet  og soleis vore gjennom mange omstillingsprosessar i skiftande tider.  Slikt lærer ein mykje av, ein lærdom også den nye leiaren har tatt med seg.  I løpet av 6 veker har dei flytta produksjonslinja for sei frå Trollebø til Kalvåg og er no klar for produksjon.  Det betyr endå eit produkt som den lokale flåten kan fiske på og få levert i akseptabel avstand frå feltet.  Kombinasjonen av lokal flåte og gode mottak er livsviktig i eit levande fiskerimiljø.  Men dette er ikkje sølvsagt i dagens tøffe marknad.  Sjå berre korleis det er blitt langs kysten av Finnmark.  I Kalvåg har dei fått det til, ikkje minst takka vere lojale fiskarar og personar som Per Røys som i ein mannsalder har jobba for samarbeid og tilrettelegging mellom fiskarar og industri.

Per fann vi igjen som dagleg leiar hos Norway Pelagic sitt anlegg vegg i vegg.   I lag med Jorunn Frøyen kunne han fortelje oss om eit anlegg i vekst og utvikling i ein knalltøff bransje der kvantum, marginar og utbytteprosenten styrer lønnsemda.  At anlegget på Kalvøya hevdar seg godt i konkurransen med dei andre overraska meg ikkje.  Denne dagen lossa MS Teigenes frå Fosnavåg 320 tonn sild som i løpet av 11 timar var gjort om til 170 tonn ferdigvare klar for marknaden i Sverige, Tyskland og Holland.  Med tanke på at kvar filet veg i underkant av 40 gram, så forstår vi at det er enorme mengder det er snakk om.

På båe desse fabrikkane er det kombinasjonen av ny og moderne teknologi og godt marknadsarbeid som skaper lønnsemda.  Arbeidsstokken kjem frå 12 -15 ulike nasjonalitetar og er fleksibel og avgjerande for at produksjonen kan gå sin gang når det krevjast. 

Ved kaia låg to nypussa og fine båtar, Frøybas og Havrand.  Båe kjøpt frå andre kantar av landet av reiarar heimehøyrande i Kalvåg.  Brødrene Eivind, Ronny og Roy alle med etternamnet Larsen, samt Paul-Stian Igland og John-Roar Grotle.  Unge, flinke folk som har bygd seg gradvis opp med større båtar og meir kvantum.  Med gode kvoter på både sild, torsk og sei kan mykje leverast lokalt og dermed styrkje livsgrunnlaget, ikkje berre for reiarane men for heile lokalsamfunnet.  Ingen klaging, inga syting.  Berre ivrige etter å jage nye mulighetar og utvikle verksemda.  At det er slike som også er flinkaste til å ta med lærlingar og utvikle ein ny generasjon fiskarar blir berre sjølvsagt.

Ingen tur til Kalvåg utan ein tur inn om Knutholmen og Fosse’n.  Det vil seie, no prøver Svein Inge å halde seg i bakgrunnen og den yngre generasjonen med Jan Fredrik og Elisabeth styrer verksemda.  At det er lett for senior er vel å overdrive, men arbeidsdelinga ser ut til å fungere utmerka.  Det som har skjedd på Knutholmen har vore heilt avgjerande for heile Kalvåg.  Det trur eg alle er samde i.  Her er det folkeliv, her er det god servering, her er det ein møteplass og her byggast det relasjonar og kunnskap om Kalvåg som er til det gode også for resten av samfunns- og næringslivet.

Denne dagen var det fyrst og fremst prosjektet i Buvika vi skulle drøfte.  Nok eit døme på nytenking og vilje til å satse.  To nye bueiningar med til saman vel 30 leiligheter er eit dristig prosjekt på ein liten stad.  Planane har modnast over tid og lokal skepsis har snudd til tru på at dette kan realiserast.  Førehandssalet tyder på at det fyrste byggetrinnet kan starte til hausten, og nye bygg vil reise seg innerst i vågen.  For kvar gong eg kjem til bygda er nye brygger pussa opp og inntrykket av ei bygd i vekst og utvikling festar seg sterkare for kvar gong.

SPA-brygga til Carola Vestby var vårt siste besøk og føyer seg fint inn i rekka både arkitektonisk og som døme på synergiar av næringsutviklinga i bygda.  Tek eg også med at på butikken har tre lokale jenter tatt over drifta og skapt sine eigne arbeidsplassar og har snart to år bak seg med god og lønnsam drift, så er bildet av min gode dag i Kalvåg komplett.  Forresten, gløymde å nemne at berre siste månaden har to unge familiar flytta inn i sine nye einebustadar med vidsyn over Kalvåg og Frøysjøen.  Eit godt barometer for trua på framtida.

No er sjølvsagt ikkje alt berre fryd og gaman i Kalvåg heller. Eg tek meg den fridomen å la det ligge denne gongen. Men kvifor lykkast ein så godt i Kalvåg? Ei utvikling som den vi har sett  her går aldri utan eldsjeler.  Framsynte kvinner og menn som vil meir enn dei fleste og aldri tapar trua på framsteget.  Det viktigaste ordet er likevel samarbeid.  Det kjem heller ikkje av seg sjølv, men blir utvikla over tid.  Samarbeid på tvers av sosiale grenser, og ikkje minst på tvers av ulike næringar og heva over særinteresser der ein unnar kvarandre suksess.  Det virkar på meg som dei har klart dette i Kalvåg.  I tillegg har dei fått ungdommen med seg.  Ei avgjerande grense å bryte i jakta på næringsutvikling og eit levande og velfungerande lokalsamfunn.  Lykke til vidare i Bremanger og Kalvåg!