På den grøne greina i Europa

Arvid AndenæsDatoen var 29. mai. Ein heilt vanleg onsdag i Sogn og Fjordane. På scena i Florø gjekk sjefen for den største banken i fylket med ferske tal om den økonomiske stoda. Han hadde køyrt frå Førde til kystbyen i morgonsol gjennom irrgrøne landskap, langs ein blå fjord og kvite fjelltoppar. På radioen hadde han høyrt sist nytt om økonomiproblema i Spania der kvar fjerde er utan arbeid og annankvar ungdom under 30 år ikkje veit om dei har håp om arbeid.

2.000 fleire i arbeid

Arvid Andenæs kunne ikkje dy seg. – Vi må vere dei mest privilegerte på kloden, så mykje rein natur, så mykje plass og berre to prosent arbeidsløyse, ikkje 25 som i Spania, sa Andenæs før han gjekk i gang med presentasjonen av det nye Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane. Han fortalte om 2.000 fleire sysselsette i fylket dei to siste åra mellom anna på grunn av ny vekst i oljenæringa som pumpar heile 186 milliardar investeringskroner inn i Nordsjøen dette året. Han snakka om veldrivne og ekspansive bedrifter som Elis i Dale, Miljøservice i Stryn, Linnbad i Vik og ikkje minst Nor Tekstil i Florø som var vertskap for barometerpresentasjonen. Med utgangspunkt i Florø har Nor Tekstil blitt eit landsomfattande vaskerikonsern med rundt 750 tilsette og forventa omsetnad på rundt 750 millionar kroner dette året. Nor Tekstil viser på ein imponerande måte kva som er mogleg å få til når ein definerer heile landet som marknad. Sjå heile barometeret her.

Eksportbedriftene uroa

Men, sa banksjefen, – eksportbedriftene våre som sel skip, fisk, metall og reiseliv til EU-marknaden er ikkje like optimistiske. Dei kjenner dei økonomiske problema i EU på kroppen og merkar både skjerpa priskonkurranse og svakare ordretilgang. Derfor viser dette barometeret at forventningane i næringslivet totalt sett er meir dempa enn for eit år sidan, oppsummerte administrerande direktør Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Ledige hender til Norge

I kantina til Nor Tekstil sat 80 menneske og nikka gjenkjennande til omtalen av dei gode tidene i Norge. Polskfødde Daria og tilsett i Nor Tekstil understreka det heile då ho smilande fortalte om sin suksess i Florø med god og sikker jobb, norsk mann og nytt hus. Ryktet om landet på den grøne greina går over heile Europa for tida. Over 1200 har funne vegen berre til Florø og vore avgjerande for folketalsauken i kommunen dei siste åra. 6.000 menneske, eller 10 prosent av arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane er i dag innvandrarar frå først og fremst EU-land. Talet blir truleg dobla innan 2020. EU har ledige hender. Norge treng dei skal veksten og dei gode tidene halde fram.