Pengane skal gå rett i dass

Vinnarane

Så glade vart Njål Hansen Wilberg (t.h.) og festivalsjef Viggo Randal (Foto: Sondre Dalaker/NRK)

Vinnarane av konkurransen «Årets kultur-idé 2012» som Sparebankstiftinga og NRK Sogn og Fjordane har køyrt i vår, vart som kjent Utkantfestivalen i Skjerjehamn. No har dei bestemt seg for korleis pengane skal brukast.

Det var «på direkten» på NRK Sogn og Fjordane si sending frå Balejazz 11. mai i år at vinnaren av konkurransen vart avslørt, og dei hoppande glade vinnarane fekk sjekken på 100.000 kroner frå Sparebankstiftinga. Samtidig kunne dei med rette kalle seg den beste kultur-idéen i Sogn og Fjordane, kåra av både fagjury og eit solid fleirtal av dei over 11.000 som hadde stemt på nett. Les saka frå NRK her

To veker etterpå slår vi på tråden til primus motor Njål Hansen Wilberg og spør om dei har tenkt meir på kva premien betyr for festivalen.

–    Først og fremst var det ei flott anerkjenning. Vi får ofte mange god-ord i tida rundt festivaldagane, og så høyrer vi ikkje så mykje før det byrjar å nærme seg ny festival. Så dette betyr mykje for dei mange som jobbar frivillig for festivalen.

–          Men kva konsekvensar kjem pengane til å få for festivalen?

–          Det er kanskje litt keisamt å svare at pengane vil verte nytta til å ta ned risikoen, men for oss som har hjartet i halsen i vekene fram mot festivalen er det faktisk noko av det viktigaste at vi får større tryggleik og kanskje litt meir nattesøvn før festivalen. Men publikum kjem òg til å merke gåva; vi kjem til å auke marknadsføringa, og styrkje publikumsfasilitetane under festivalen. Mellom anna med betre toalett-tilhøve.

–          Så pengane kjem med andre ord til å gå rett i dass?

–          Hehe, ja det kan du jo seie. Jo, og så har vi lenge drøymt om å belønne våre mange frivillege funksjonærar med ein skikkeleg fest i etterkant, og no får vi endeleg til det.

Hansen Wilberg lanserer samstundes nokre fleire godbitar til programmet:

–          Vi har nett fått på plass både Samsaya og progrock-kongen El Doom, og så kjem den nye «supergruppa» Fagernes Yacht Klubb (med medlemer frå The New Wine, Kakkmaddafakka og The Diamond) til å levere ein heidundrande finale på laurdagskvelden!

Vi gratulerar med både kåring og programtilskot, og ser fram til å kose oss i Skjerjehamn 26.-29. juli!

Billettar til Utkant 2012 får du her