Russemamma i mai

RussBrått er mai her, like overveldande kvar vår, med intens fuglesong, naturen som bråvaknar og lufta så skarp og klår. Like sikkert vårteikn er dei unge, lovande i raudt, blått og svart som feirer avslutninga av 12-13 års skulegong. Eg er russemamma for tredje  gong i år, men blir aldri heilt fortruleg med rolla, og kjenner meg lett uroleg desse maidagane. Måtte det gå bra denne gongen og!

Så mange flotte unge menneske som boblar over av livsglede – fulle av sjølvtillit, energi og trua på at dei er udødelege. Eg misunner dykk litt desse festdagane i sus og dus, og hugsar godt mi eiga russefeiring på 70talet , og den fantastiske kjensla av å vere ”on top of the world”.

De fortener verkeleg desse bekymringslause dagane, etter å ha stått på med mange heildagsprøver, fagdagar og innspurt til avsluttande eksamen. I tillegg er det mange som jobbar ved sida av, og tener eigne pengar, og det må vere lov å bruke litt ekstra i denne tida. De får heller fylle opp litt på BSU-en når de får feriepengar i juni.

Men likevel ligg angsten for at noko kan skje, og ulmar under overflata hos mange russeforeldre. Kombinasjonen av eldre bilar, unge sjåførar og lite søvn, har enda fatalt for nokre unge russ kva einaste vår. Lat oss sleppe å oppleve slike tragiske hendingar i år!

Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane har samarbeidd med Vegvesenet og Trygg Trafikk i fylket, og gitt pengegåve til tryggaste russebil og laga filminnslag om russ og bilbelte. Då vi etterlyste russ til å vere med i kampanjefilmen vår, fekk vi inn eit flott knippe gutar og jenter. Her kan du sjå resultatet.

No oppmodar vi russen i fylket å sende inn artige, kreative bidrag til årets bilbelte kampanje. Premien er på 5.000 kroner, sjå meir om konkurransen på Facebook fana vår og denne videoen:

Så ynskjer vi alle ei super-duper russetid – ta vare på kvarandre, hald sjåførane vakne og nyt dagane. Og til alle russemammaer og –pappaer der ute – ver der for dei unge håpefulle, og dropp kjeftinga – det går bra i år og!