Kampen mot makta!

So har nok ei politisk stjerne vore på vitjing i fylket vårt. Trond Giske er ein glimrande politikar, ein flink pedagog og har handlekraft utan om det vanlege. Sist han var her, var under ein næringskonferanse i Førde i mars 2011. Eit glimrande foredrag, mykje applaus og borte var han. Ingen kommentarar eller kritiske spørsmål blei det funne rom for. Eg sat igjen med mange av dei som eg formulerte i ein blogg; same dag.

I Firda den 14.3 og på firda.no legg Helge Johnsen ord på sine opplevingar med utgangspunkt i Arbeiderpartiet sitt fylkesårsmøte. Spissformulert slik berre ein god journalist kan klare det. Her kjem ein veltalande og sterk statsråd frå dei vanskelege spørsmåla og debattane med å peike på kor godt vi eigentleg har det her i fylket. Etterpå vedtek lokalpolitikarane eit rekkje ønskje som alle veit at det ikkje finns pengar til og kallar møtet ”Fylkets fremst politiske verkstad”.

Har ikkje gjort heimeleksa

Eg har ikkje noko ønskje om å kritisere årsmøtet til Arbeiderpartiet. Eg trur vi ville sett det same om det var Senterpartiet eller Høgre som hadde besøk av ein av sine store. Eg er jamvel redd for at når NHO Sogn og Fjordane skal ha sin årskonferanse i slutten av månaden, så kan vi oppleve om lag det same. Vi verken vågar eller maktar å ta kampen med Makta, vi tek den heller mot kvarandre. Kvifor er det slik? Kvifor vågar vi ikkje å fremme disse krava med kraft og engasjement når høvet byr seg? Kvifor vågar vi ikkje å stille dei kritiske spørsmåla når vi har ”Makta” på heimebane? Det eine svaret er for meg innlysande. Vi har ikkje gjort heimeleksa vår. Vi har ikkje klart å bli samde om eigne prioriteringar. Vi er ikkje samde om kva som er det viktigaste av alt det viktige.

Få og utydelege

Sogn og Fjordane utgjer no om lag 2% av befolkninga i Norge. Vi kan sjølvsagt slå oss for brystet og rope opp om kor stor del av verdiskapinga vi har, kor viktige vi er for eksporten, kor låg arbeidsløyse vi har og kor sømelege vi er. Framleis er vi berre to 2% av veljarmassa! Det set store krav til tydeleg bodskap og pondus i argumenta for å nå fram! Dei siste tala frå SSB viser at Bergensregionen vil vekse med om lag 100.000 fram til 2030. Det er nesten like mange som vi i dag er i heile fylket. Kor trur de fokuset til Makta, som skal pioritere løyvingar til nye vegprosjekt, vil vere? Neppe på ein rasutsett FV 609 i Askvoll.

Næringsutvikling avgjerande

Positiv og lønnsam næringsutvikling er det einaste som kan bringe dette fantastiske fylket framover og synleggjere også for sentrale politikarar og byråkratar at vi fortener merksemd og plass på nasjonale investeringsplanar. Det er også det einaste som kan skape optimisme, skape tilflytting og gode oppvekstvilkår. Grunnlaget for dette vil vere større bu- og arbeidsregionar. Vi har naturressursane, vi har flinke folk og kunnskap, men vi manglar kapital og infrastruktur. Her må det satsast! Her må det investerast! Her må det byggast! Men vågar vi å seie klart og tydeleg kor ”her” er? Vågar våre sentrale fylkespolitikarar å ta ei sterkare styring og synleggjere heile fylket sine utfordringar? Klarer alle vi andre, som også er veljarar, å vere lojale når valet er tatt?

Og heilt til slutt. Har vi sjølvtillit og kraft til å ta kampen mot Makta, eller er det enklare å halde fram kampen mot kvarandre? I så fall er vi dømde til å tape dei store slaga.