Reiseleiar i mitt neste liv

Tanken om å reise, festa seg allereie i barndommen på campingtur i ein fullasta Morris Ten. Auga store og nysgjerrige på alt eg fekk sjå og oppleve. Fantasien var sett i sving. Spørsmålet om å vere reiseleiar i banken kom i samband med ein busstur til Rüdesheim/Rhindalen i 1992 – ganske tilfeldig. Spennande, tenkte eg. Kva kan eg bidra med?

Guiden frå Oslo gjorde ein god jobb. Men, hm…., tenkte eg. Sitje å lese, kan eg også klare. Året etter fekk eg sjansen. Og eg visste nok ikkje heilt kva eg gav meg i kast med. Etter mange timar på biblioteket og kveldstimar heime, var guidestoffet endeleg klart. Ikkje gjort på ein dag, nei.

Bry seg

Kundane skal  merke at  eg bryr meg om dei. ”Nær, dyktig og engasjert”, har alltid vore eit mål. Det blir nokre timar i bussen, og pausar må vi ha.  Då passar det med ein kaffikopp og kaker laga i seine nattetimar. Alltid godt motteke.

Dei siste åra har vi vore 3 faste reiseleiarar frå banken. Alvdis, Reidun og eg. Turane vart etter kvart utvida med 2, av og til 3, bussar, og vi måtte vere fleire lagspelarar til å ta vare på våre gjester. 3 damer og sjåførar med kvar sine kvalitetar og kundepleie som mål, har gjort teamet komplett. Vi deler på oppgåvene og utnyttar dei beste sidene ved kvarandre. Samtidig er det nødvendig når utforutsette ting skjer som t.d. uhell eller sjukdom.

Songhefte er eit must og noko som fenger. Her syng vi av full hals, både med og utan den vakraste røysta. Konkurransar, rebusar og limerick aktiviserer turdeltakarane, så dei slepp å høyre på reiseleiaren heile tida. Og sjølvsagt er det premiering på det sosiale samværet om kvelden.

Dansegleda må pleiast også. Vi prøver å få til dans til levande musikk , men går ikkje det, nyter vi «medbrakte» tonar. Gjestene våre går aldri til sengs før musikken er slutt, her er det om å gjere å gripe dagen. Det hender til og med at vi tek fram musikken på rasteplassar og byr opp til dans.

Ein turdeltakar uttrykte at han var fornøgd i ein limerick:
”To galne guidar frå Sparebanken
og sjåføren med gråstenk i manken
For kvar einaste gjest er turen ein fest
et blir ikkje berre med tanken”

Positiv energi

Glede er det som pregar turane våre. Glede over å oppleve noko og bli kjend med andre. Glede over ein godt tilrettelagt tur. Glede over å få samarbeide med dyktige sjåførar som vi veit har respekt og omsorg for våre kundar. Glede over å få lov å gjere noko for banken også utanom det daglege arbeidet. Glede over å få gjere noko for andre. Glede smittar!

På ein av våre første turar, hadde vi pause på Grotli. Då kom ein eldre ungdom til meg og sa: ”Dette er nytt land for meg”. Han hadde aldri vore utanfor fylket. Han vart ein av våre mest trufaste turdeltakarar i mange år etterpå. Og min gamle historielærar frå Firda som var med på cruise i Middelhavet. ”Det e’ det same kor eg dauar, berre eg får sjå Kartago i levande live”.

Kjekt å vere på tur og kjekt å treffe igjen dei eg har vore på tur med seinare. Kvart år har vi Gjensynstreff i banken for alle som har reist med oss. Eg har tru på at slike kundearrangement er med å binde kundane tettare til banken. Og eg trur det gjer banken vår litt meir sprek , spennande og fargerik  enn konkurrentane.

Neste liv?

20 år har gått sidan eg begynte som reiseleiar og eg har fått vere med ca. 2.000 gjester på 27 turar for banken. Eg er glad for at eg tok denne utfordringa. Tillit, glede og positivitet, har gitt meg arbeidslyst og pågangsmot.

…trur nok at eg blir reiseleiar i mitt neste liv…