Skal bonden vere gartnar eller matvareprodusent?

Talet på menneske på jorda har passert 7 milliardar. Om få år vil det vere oppe i 9 milliardar. Ei av dei store utfordringane vi skal handtere, er å sikre at alle desse 9 milliardane får tilstrekkeleg med mat. Sjølv om dei fleste politikarane her til lands mest truleg også ser denne utfordringa, er det likevel enkelte av dei som tek til orde for at midlane i landbruksoppgjeret i større grad skal kanaliserast mot «landskapspleie». Dette opprørar meg.

Talet på bønder i Noreg har blitt redusert dramatisk i løpet av dei siste 30 åra. I mange bygder må ein leite godt for å finne bruk der det framleis vert produsert mjølk. Sjølv om talet på bønder har gått mykje ned, har effektiviseringa av landbruket medført at produksjonen har halde seg om lag på same nivå som tidlegare.

Sjølvforsyning eit etisk ansvar

Den norske sjølvforsyningsgraden er om lag 45%. Dette inneber at vi i stor grad er avhengige av å importere matvarer. Kan vi slå oss til ro med dette? Den økonomiske velstanden vår sikrar at vi har råd til å kjøpe oss fram i matvarekøen. Eg syns likevel at det må vere lov å stille spørsmål med det moralske perspektivet knytt til dette. Det er vel liten tvil om at risen som vert dyrka i Asia kjem langt betre til nytte som grunnleggjande ernæring for befolkninga der enn som ekstra snadder til laurdagskyllingen på norske bord?

Matproduksjon eit nasjonalt ansvar

Eg meiner at vi som nasjon har plikt til å ta i bruk landet vårt på ein best mogleg måte. Dette inneber at vi tek vår del av matvareutfordringa som verda står overfor. Dette inneber at vi erkjenner at matvareproduksjonen vår, trass i oljerikdomane som vi er så heldige å disponere, er og framleis vil vere svært viktig både for oss sjølve og resten av verda.

Plenklippar eller rundballepresse?

Derfor vert eg både oppgitt og forbanna når det frå enkelte politiske hald vert tatt til orde for at landbruksoppgjeret i større grad bør kanaliserast inn mot «landskapspleie». I klårtekst betyr dette at samfunnet skal lønne bøndene for å halde graset nede på bøane og krattskogen borte frå beitelandet. Matvareproduksjonen vert eit underordna element.

Matvareproduksjonen er og må alltid vere det viktigaste oppdraget for norske bønder. Det er derfor avgjerande at det skal løne seg å produsere. Vi skal ikkje ha ein norsk landbrukspolitikk som gjer at rundballepressene vert bytta ut med plenklipparar.

PS: 8. februar (20:00-22:00) inviterer Sparebanken Sogn og Fjordane og Eid bondelag til temakveld om framtida til landbruksnæringa i Sogn og Fjordane og Eid. Nokre av spørsmåla som vert stilte er: Kva må til for å oppretthalde dagens produksjon no og auke den inn i framtida? Korleis investerer og byggjer vi for framtida og med det sikrar god økonomi og inntening? Temakvelden ligg også som arrangement på Facebook. Vel møtt!