Sparebankstiftinga opnar seg

Det er gjerne slik at merksemda mot Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane følgjer gåvetildelingane våre, slik at det fort vert litt stilt rundt oss i dei lange periodane mellom søknadsfristane. Men det tyder slett ikkje at det ikkje skjer noko! Sidan førre søknadsrunde har stiftinga mellom anna fått ny administrasjon og har evaluert sitt første driftsår, og nokre endringar i stiftinga byrjar å gjere seg synlege i tida som ligg foran oss. Så her er nokre oppdateringar frå stiftinga:

Ein av dei sentrale tinga vi har gripe fatt i, er stiftinga si målsetting om å vere open ovanfor både presse, søkjarar, banken sine kundar og publikum generelt. Difor vil Kjell Sandnes og underteikna freiste å kommunisere korleis vi prioriterer gåvemidlane, både for at publikum skal få større forståing for gåvetildelingane våre, og ikkje minst for at det skal bli lettare for dei å finansiere gode prosjekt i fylket vårt.

Årets kultur-idé 2012

Eitt av tiltaka for å syne korleis vi tenkjer og jobbar, er lanseringa av Sparebankstiftinga og NRK Sogn og Fjordane sitt prosjekt «Årets kultur-idé 2012», kor arrangørar kan få brei marknadsføring og ei gåve på 100.000 kroner til å gjennomføre arrangementet sitt. Bakgrunnen for prosjektet frå Sparebankstiftinga si side er at vi ønskjer å setje fokus på ei gruppe som ofte kjem i bakgrunnen, nemleg eldsjelene som organiserer dei mange arrangementa som gjer fylket vårt til ein triveleg og spanande plass å bu. NRK har på si side lenge vore flinke til å trekkje fram utøvarar frå fylket, så det vart naturleg å setje fokus på arrangørane òg.

«Årets kultur-idé 2012» inviterer difor deg som har ein god ide til eit kulturarrangement til å søkje. Det kan vere eit eksisterande arrangement, eller ein fersk idé til eit heilt nytt kulturtiltak. Ingen sjangrar eller kategoriar arrangement er ekskludert, men sidan dette prosjektet er i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane vil venteleg fokuset ligge på kulturfeltet, slik at t.d. idrettsarrangement kanskje ikkje er det som vert trekt fram i denne samanhengen. Viss dei då ikkje skil seg ut med originalitet og nytenking ut over «vanlege» idrettsarrangement!

Ein jury vil etter søknadsfristen 1. mars plukke ut eit «finaleheat» av idear kor publikum kan stemme fram det arrangementet som dei synst skal få 100.000 i gåve frå Sparebankstiftinga. Juryen og publikum sine stemmar vert vekta likt i den endelege avgjerda. Presentasjonen av finalistane, juryen og avstemminga vil ligge på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider frå byrjinga av mars.

MEN sjølv om ein jury i denne samanhengen får plukke ut sine favorittar – så vert ALLE som søkjer vurderte for gåver frå Sparebankstiftinga. Dermed kan prosjektet gje langt fleire «vinnarar» enn den som vert stemt fram gjennom «Årets kultur-idé 2012»! I tillegg vil alle dei som vert plukka ut få brei omtale på NRK Sogn og Fjordane og nettsidene deira www.nrk.no/sfj – og alle arrangørar veit at mediaomtale aleine er gull verdt for eit arrangement, så her er det mange som vil få noko ut av konseptet sjølv om det til slutt er berre eit arrangement som vert framheva og utropt til årets kultur-idé. Klikk her for påmelding og meir informasjon.

Kurs i søknadsskriving

Men vi set òg i gang andre tiltak for å «opne stiftinga». Til dømes lanserer stiftinga og fylkeskommunen i desse dagar eit søknadskurs, både for å få inn fleire og betre søknadar til seg sjølve – og for å få fleire av søkjarane i fylket til å nytte andre støtteordningar på nasjonalt nivå. Det er nemleg fleire hundre fond, legat og offentlege støtteordningar i landet vårt – men diverre går det førebels lite pengar frå desse ordningane til Sogn og Fjordane. Vi trur det i hovudsak er fordi det kjem færre søknadar frå fylket vårt til desse ordningane. Difor set vi no i gang med eit kurs i Førde – og voner det vert førespurnad om fleire kurs rundt om i fylket. Vi kjem i alle fall gjerne og held kurs der du bor, om det er behov!
Vi har òg lagt ut nokre søknadstips på nettsidene våre; desse kan vere nyttige både når du søkjer oss og midlar frå andre støtteordningar.

Forenkla søknad

Eit anna tiltak vi lanserer i desse dagar er løysinga med «Forenkla søknad» som no ligg ute på våre nettsider. Dette er mynta på dei søkjarane som treng litt pengar raskt; difor kan du gjennom «forenkla søknad» søkje heile året – og få svar innan 4 veker. Her kan du søkje om inntil 10.000 kroner, og du kan få slik støtte inntil to gonger pr. år. Skal du søkje om meir enn 10.000,-, vel du «fullstendig søknad» og søkjer til søknadsfristane våre 1. mars og 1. september som før.

Har du andre innspel til korleis vi kan «opne» stiftinga? Send oss ein e-post på post@sparebankstiftinga.no eller bruk kommentarfeltet.