Nye Norge

Dette er det nye Norgeskartet, presentert på årskonferansen til NHO denne månaden. Dei raude områda er dei sterke og mest vekstkraftige delane av landet. Eg bur i Sogn og Fjordane. Fylket har ikkje fått ein einaste liten raud flekk sjølv om bustadkommunen min Førde har hatt ei veksttakt på nivå med Oslo dei siste ti åra. Det er vel berre å innsjå realitetane og dra dyna over hovudet. Med mykje grått rundt tinningane og adresse i heilgrå bygdesone, er framtida dyster.

Matprodusent

Like før jul var landbruksministeren på besøk i Førde. Han fortalde at trass i berre to prosent av folketalet, produserer Sogn og Fjordane sju prosent av mjølka og ni prosent av alt sauekjøt her til lands. Han sa også at Norge må auke matproduksjonen med 20 prosent dei neste 20 åra om landet framleis skal vere 50 prosent sjølvforsynt med mat etter kvart som folketalet i byane stig. Landbrukskommunane, mellom anna i Sogn og Fjordane, må med andre ord produsere meir og meir mat.

Eksportør

Fisk er sunt, sunnare enn nokon gong, seier kosthaldsekspertane. Fiskarane og oppdrettarane i Sogn og Fjordane leverer fisk for over tre milliardar kroner kvart år. Det meste går til eksport. Det same gjer alle metallprodukta som blir laga her på gråberget. Det må vere fisk, metall og reiseliv som gjer at eksporten pr innbyggar i Sogn og Fjordane er på rundt 100.000 kroner i året. Det er nest høgast av alle fylke i landet. Oslo er nest lågast med rundt 20.000 kr pr innbyggar, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Verdiskapar

Verdiskapinga i Sogn og Fjordane er på berre 65 prosent av landssnittet les eg i ein offentleg rapport. Kan det ha samanheng med at gjennomsnittsløna i dette fylket er 16 prosent under landssnittet? Kan det ha samanheng med at selskap utanfor fylket eig 85 prosent av kraftproduksjonen på 5-6 milliardar kroner i året? Kan det ha samanheng med at kvar kommune i snitt sender frå seg ei heil klasse ungdommar kvart år, i all hovudsak til Bergen og Oslo. Når desse ungdommane har dei beste karakterane i landet både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule, er det i grunnen ikkje rart at dei gjer det godt i byen.

Grå og god

Hugsa du den 57 år gamle piloten som naudlanda på Hudson River utanfor New York i 2009? Flyet hans fekk fuglar i begge motorane og miste all motorkraft rett etter avgang. Den aldrande kapteinen takla den dramatiske og kompliserte situasjonen perfekt og berga alle passasjerane. Det er Aftenposten som trekkjer fram att denne historia i ein artikkel om hjerneforsking i magasinet Innsikt. Aldrande hjernar har fått eit ufortent dårleg rykte, står det i januarutgåva. Nyare forsking syner at hjerneskallar over 45 med grått rundt tinningane er svært gode på å forstå komplekse samanhengar, takle kompliserte situasjonar, tolke sosiale forhold og avbalansere sterke følelsar. På fire av seks kognitive eigeskapar når dei små grå toppnivå først etter fylte 45. Artikkelen har den korte tittelen ”GRÅ OG GOD.” Fekk berre lyst til å nemne det.