Nynorsk – ein pest og ei plage?

«Nynorsken må dø!» «Nynorsk er ein pest og ei plage!». Slike ord kan ein sjå i media om dagen.

Eg les ein artikkel i Aftenposten om elevar på Fagerborg Skole i Oslo – som følgje av at utdanningsminister Kristin Halvorsen vil bygge ned nynorsken. Ein av elevane kommenterer at det er dumt å bruke tid på noko du aldri kjem til å ha nytte av resten av livet. Samtidig irriterer dei seg over nynorsk teksting på NRK, som dei meiner kan vere vanskeleg å forstå. Må le litt – skjønar du ikkje nynorsk, så kan du no kanskje ha litt nytte av å lære det?

Kva med oss som er oppvaksne med nynorsk, og som får det meste teksta på bokmål? Det meste av nasjonal media får vi på bokmål. Vi klagar ikkje, fordi vi ikkje forstår. Dette er fordi vi er vane med å bli eksponerte for bokmål overalt. Vi har vakse opp med begge målføra. Det er kanskje litt av det same ein opplever når ein snakkar med svenskar. Vi skjønar dei godt, men dei skjønar ikkje alltid oss så lett. Kanskje fordi mange av oss har vakse opp med Emil i Lønneberget og Pippi Langstrømpe på barne-tv. Kunnskap er makt. Språk er makt!

Eg høyrer ofte på P4 på veg på jobb. Her om dagen vart Radiofrokosten sine lyttarar oppmoda til å sende inn sine meiningar om nynorskopplæringa til studio på SMS. Ein av lyttarane kom med ein kommentar (fritt sitert); «Kven har bestemt at vi liksom absolutt skal lære dialekten dei snakka der oppe på Sunnmøre? Kvifor kan vi ikkje heller lære Østfoldsdialekt? Det hadde vore meir nyttig.» Jaudå,  skjønar at dette var meint å vere morosamt. Men det skremmer meg litt. Er det slik folk med bokmål som hovudmål tenkjer? At dei lærer ei eller anna «inngrodd» dialekt frå Sunnmøre? Eit kjapt søk på nett fortel meg dette: Nynorsk er basert på alle dei norske dialektane. Nærare 80% av folket i Norge snakkar dialekt, dei øvrige 20% snakkar standard austnorsk, eller ein annan variant av bokmål. Så er du blant dei som ikkje bur i Osloområdet, og snakkar det ein kallar dialekt, så finn du nok alltid att nokre ord i nynorsken frå nettopp din dialekt. Dette gjeld 80% av landet! Skulle ønske den harde kjernen i Oslo ein dag innser at landet vårt er så mykje meir enn berre hovudstaden…

Noko av skulda for at nynorsk i våre dagar blir sett på som avlegs og vanskeleg, vil eg faktisk gje til media. Til tider kjem ein over nynorsk som er til dei grader så konservativ, at til og med vi som er oppvaksne med det ikkje skjønar. Litt sånn i «hugleik på staur» -stil. Det er til tider ikkje rart at austlendingane sit att med feil inntrykk. Med alle dei valmulegheitene vi har i nynorsken i dag, så burde ikkje det vere nødvendig?

Valmulegheiter er forresten ein annan ting. Mykje av det som gjer språket vanskeleg i dag er kanskje at ein har for stor valfridom. Kva med å pusse opp kvardagsnynorsken litt og tilpasse den til tida vi lever i? I alle fall som ein standard – streng på ein meir moderne måte?

Eg er alle fall glad for å ha nynorsk som hovudmål. Det kling jo så mykje betre enn det flate bokmålsspråket, det må jo vere ei gåve til ein kvar forfattar! Nei, skriv nynorsk og ver stolt av det!