Vi gjer det umoglege, mogleg

21. januar 2012 vert ein merkedag i Førde Volleyballklubb si historie. Både dame og herrelaget spelar cupfinale i Oslo. At ein klubb som Førde VBK klarar dette er mot all fornuft! Ser ein på kva lag Førde konkurrerer mot i landet vil ein finne ein fellesnemnar: Dei kjem alle frå store byar. Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Tromsø, Kristiansund og Steinkjer. Her, midt mellom dei store, har Førde VBK funne sin leikeplass, og her leikar vi godt!

Om det at vi kjem frå ein liten plass og hevdar oss, er mot all fornuft – kva då med dette: Mange av dei største talenta i Noreg vel Førde som sin klubb! Ikkje Oslo eller Bergen, nei dei kjem frå Oslo og Bergen, til Førde, for å spele her. Saman med eigenutvikla spelarar vert dette ei plattform for å lykkast nasjonalt, og skape eit toppidrettsmiljø i Førde. Dette hadde vi ikkje lykkast med utan ei mengd ressurspersonar som brukar mykje av fritida si på tilrettelegging og organisering av klubben. I tillegg har vi eit utmerka samarbeid med Sunnfjord Folkehøgskule som tiltrekk seg volleyballungdom frå heile landet. Og så er ein, når alt kjem til alt, avhengig av å ha sponsorar i ryggen, som ser ein verdi i å vere med og bygge eit klubbmiljø som tek vare på både dei beste, men ikkje minst mangfaldet i klubben.

Cupfinale

Cupfinalen er volleyball-norges happening – alle lag vil til cupfinalen. Herrelaget til Førde kastar seg ut i sin fjerde finale, dei tre første har gitt to gull, og eit tap. Damelaget skal i elden for første gong. Klarar vi ta 2 gull i år? Vi håpar det, og vi trur det. For utan trua kan vi berre gløyme det, men trur ein hardt nok, kan det umoglege verte det moglege. At herrelaget kan slå Nyborg veit vi. Dette er ein kamp mellom dei to suverene herrelaga i Noreg, og vil verte ein thriller på linje med fjorårets fest i Førdehuset. Dette er vidopent, men vi veit at våre gutar har det «lille ekstra» som krevjast for å vinne når det kokar rundt ein, og det einaste som betyr noko er neste ball.

Damelaget skal opp mot Oslo Volley, det beste laget i landet. Førde har aldri slått Oslo Volley på damesida. Ingen ”nøytrale” trur Førde kan slå Oslo Volley. Men det var det heller ingen som trudde når Førde herrane slo Tromsø i 2007 og tok ei historisk gullmedalje. No er det damelaget som ønskjer å skape historie. Glød, glede og konsentrasjon. Det vert mantraet inn mot kamp. Glød, glede, konsentrasjon, og så gjer vi opp status når dommaren bles av siste ballveksling.

Klarar vi ta to gull? Vi trur det! Svaret får vi i Domus Athletica i Oslo laurdag 21. januar.

Vinn gratisbillettar

NB: Sparebanken Sogn og Fjordane er hovudsponsor for FVBK og har lagt ut 25 gratisbillettar til finalane i billettluka si på Facebook. Damefinale mot Oslo startar kl. 15:00 og herrefinale mot Nyborg kl. 17:00. Gratisbillettane gjeld begge finalane og vert trekt 16.1. Bli med saman med andre Førdianarar og hei FVBK fram til siger!