Livsviktig for landet

Det er berre å tilstå. Eg har ikkje lese den 300 sider tunge landbruksmeldinga som vart lagt fram den 2. desember i år. Det burde eg gjort sidan dette kan vere eit av dei viktigaste dokumenta for heimfylket mitt, Sogn og Fjordane. Men eg har lytta på presentasjonen til landbruksminister Lars Peder Brekk og skimta lyset.

To signal

Eg skal ikkje skryte på meg at eg forstod alt matministeren snakka om. Landbruk er som kjent så komplisert at berre landbruksdirektøren og Vår Herre har klart å henge med, men sistnemnde har visst gitt opp. Det som sat igjen hos meg etter orienteringa om landbruksmeldinga var to klare signal. Norge må produsere 20% meir mat om 20 år fordi mykje tyder på at landet får ein million fleire innbyggarar innan 2030. Brekk etterlèt ingen tvil om at nasjonen skal halde oppe ein sjølvforsyningsgrad på minst 50 prosent. Då trengs det meir mat frå norske gardar. Det andre eg noterte på blokka var at landbruket, som merkar klimaendringane sterkare enn noko anna næring, ikkje skal vere ein del av problemet, men ein del av løysinga.

Meir enn smør

Overproduksjon, kvotar og regulering har stått som ei fysisk og mental sperre for ein kvar bonde dei siste tiåra. No er melodien ein annan. Landet og verda treng meir mat enn nokon gong. Held folketalsveksten fram, vil det vere 9 milliardar menneske på kloden i 2050 og trong for 70% meir mat enn i dag. Norge er eit av få land i Europa med veksande folketal og kan ha 6 millionar menneske i 2030. Då trengs 20% meir mat av alle slag, ikkje berre smør.

Tøffare produksjonsklima

Eg såg utover forsamlinga i Førde denne møtekvelden med landbruks- og matministeren. Minst halvparten av dei 120 i salen var unge og engasjerte ansikt. Dei får altså nærast ordre om å produsere meir av mjølk, kjøt, frukt og bær. Dessutan fortel den landbruks- og bygdevennlege statsråden at regjeringa er villig til å følgje opp med tiltak for å nå målet, eventuelt vurdere soneinndelinga for distriktstilskot på nytt. Då var taleføre bønder raskt frampå og gav klar beskjed om at distriktstilskotet må aukast for å styrke inntektsgrunnlaget i næringa. Etter ein regntung sommar med 30% mindre avling og dårlegare forverdi enn normalt, meiner fjordabøndene  at forholda for landbruk på Vestlandet er like krevjande som i Nordland og vil ha same rammetilskot. Lukkast dei med kravet, vil dei få 40 øre meir pr mjølkeliter og 5-6 kroner meir pr kilo kjøt. Det betyr rundt 80.000 kroner meir i året for eit snittbruk med ei kvote på 100.000 liter mjølk. For store bruk og samdrifter er summen langt høgre.

Livsviktig for landet

Vestlandsbruket kan aldri bli den mest effektive garden. Til det er bakkane for mange og for bratte. Men Vestlandet kan levere mat av høg kvalitet, ikkje minst om utmarka som vi har så uendeleg mykje av blir tatt i bruk i større grad. Sogn og Fjordane har 2% av folketalet i Norge, men står for 7% av mjølkeproduksjonen og 9% av sauekjøtet. Fylket er med andre ord sentralt om landet skal nå sitt ambisiøse mål om 20% høgre matproduksjon. Men då må den positive landbruksmeldinga følgjast opp med pengar og tiltak. Ein ny generasjon bønder står klar til å ta den livsviktige jobben.

Link til Landbruks-og matdepartementet sine sider på nett