Vestlandet i oss og på fjernsyn

Nøyaktig 20 år tilbake i tid var ein merkedag på Vestlandet. For meg var det ein dag på tå hev som enda med fadese.

Eg snakkar om Vestlandrevyen som såg dagens lys den 11.11.1991. Det var eit storhende at Sogn og Fjordane og Hordaland skulle få daglege, lokale nyhendesendingar som dei første i landet. Eg jobba som redaksjonssjef i NRK i Førde den gongen og hadde jobba i månadsvis med overordna og underordna planar til minste detalj. Kringkastingssjef Einar Førde hadde nemleg spent bogen høgt. Han gav klar beskjed om at Vestlandsrevyen var den store testen på om heile landet skulle få regionsendingar. Han hadde Marienlyst-miljøet mot seg, men visste at distrikts-representantane i Stortinget ville sjå med blide auge på lisensauke om NRK kunne love lokalfjernsyn til alt folket.

Pangstart

Fødselsdagen var mildt sagt nedslåande. Trass i testsendingar, grundig førebuing og store forventningar gjekk den 10 minutt lange sendinga utover heile Sogn og Fjordane og deler av Hordaland med kunn ein irriterande pipelyd til bileta. Det tok ikkje mange sekundane før første irriterte lisensbetalar var på tråden. Dei formeleg stod i kø heile sendinga. Eg var raud i knollen og kunne berre beklage heilt til ein sogning ringde og sa det var storveges å sjå bergensarar snakke i ti minutt utan å høyre eit ord. Slikt kallar på lått og løye og vart ei god historie og gode sketsjar på ungdomslagsrevyane. Vestlandsrevyen kunne ikkje fått betre start. Fadesen førte til at han vart lagt merke til og omsnakka over alt.

TV som maktfaktor?

Det kom seg etter kvart og heile landet fekk regionfjernsyn. 20 år seinare har Vestlandsrevyen blitt vaksen med jamt over gode innslag som ikkje står tilbake frå det som blir sendt frå storebror Dagsrevyen. Framleis er det stas og fort ein snakkis om naboen dukkar opp på revyen. Spørsmålet er likevel om fellesfjernsynet mellom Sogn og Fjordane og Hordaland har hatt noko å seie for regional utvikling, for kunnskapsnivå og identitet? Det er det heilt sikkert delte meiningar om. Trass i fakkeltog og protestar på TV-skjermen i beste sendetid, har likevel både skular og sjukehus blitt lagde ned. Makta rår, sa kjerringa og kasta ut katten. Det er i grunnen rart at ikkje ein medieforskar har studert effekten av regionale TV-sendingar.

Styrka identitet

For min del er eg sikker på at Vestlandsrevyen har styrka både livskrafta og identiteten til folk flest i dei to fylka. For 20 år sidan var fjernsynsinnslag frå Sogn og Fjordane svært sjeldan om det ikkje hadde ramla ned eit fjell eller orkanen hadde herja på kysten. At kvardagsheltar som Jannike Hundvebakken frå Naustdal kunne kom på TV fordi ho stelte sine tre eldre søsken heime og sparte samfunnet for millionar var oppsiktsvekkande. Jamvel tabloide VG i Akersgata fekk opp augene for at landet er mangfaldig og fargerikt og kåra naustedølen til årets namn i Norge i 1993. Slikt gjorde noko med stoltheit og sjølvtillit i fjordbygdene som ofte har vore knuga av husmannsånd.

Vestlandsrevyen dei første åra slutta alltid med nokre kvardagsbilete av folk og natur rundt på Vestlandet til musikk frå visa ”Berg og båre” av Kari Bremnes. For mange var det kveldens absolutte høgdepunkt på TV-skjermen. Stova vart fylt av ei velsigna ro og stor gjenkjenningsglede. Det var Vestlandet i oss som fekk påfyll og ny energi til neste dag mellom bakkar og berg og stormar frå vest.