Verdens beste for naturglade menneske?

Naturverdiane i Sogn og Fjordane fekk bloggforfattar Arve Sandal til å vende heim og bli i fylket. (Foto: Arve Ullebø)

Jostedal er ei bygd som imponerer meg. Den er ei typisk utkantbygd. Likevel klarer den å auke folketalet og trekke til seg både gründerar og velkvalifisert arbeidskraft. Jostedal har på mange måtar knekt koden som store delar av Sogn og Fjordane har problem med.

I 2008 starta Bygdelaget i Jostedal eit prosjekt for å auke tilflyttinga til bygda. Strategien var å gjere hosane sine grøne for folk og familiar som er meir enn gjennomsnittleg interesserte i friluftsliv. Sognebygda er ei naturperle med brear, fjell og vassdrag og har vit til å utnytte det i marknadsføringa. Etter to-tre år har 25 personar med særleg interesse for aktivt friluftsliv flytta til Jostedal. Folketalet har auka med fire. Ikkje all verda, men likevel livsviktig for ei bygd med 420 innbyggarar.

Suksess i Rauma

Rauma kommune reklamerer med verdens beste kommune for naturglade menneske. Romsdalskommunen er full av spektakulære alpefjell og veit å utnytte det i marknadsføringa. Resultatet er tilflytting av fleire spennande bedrifter der leiarkorpset er spesielt opptatt av fjellsport. Dei vil bu slik at dei kan oppleve magisk skikøyring like etter eit snøfall, seier dei.

Look to Rolls Royce

Rolls Royce i Ulsteinvik er ei internasjonal suksessverksemd  innan skipsdesign og skipsutstyr. Verksemda rekrutterer eit  titals nye medarbeidarar kvar månad, ikkje minst ingeniørar frå inn- og utland. Strategien for å få dei beste til å kome og bli på Søre Sunnmøre, er å leite etter personar som ikkje berre passar til jobben men også til plassen dei kjem til. Bedrifta har erfart at menneske som jaktar aktivt friluftsliv som surfing, sigling og fjellsport  trivst i Ulsteinvik og blir verande i jobben i større grad enn dei som heller vi ha urbant byliv. Med tanke på at det kostar i snitt 500.000 kroner å erstatte ein medarbeidar, er trivsel og kontinuitet i arbeidsmiljøet ein stor effektivitets- og kostnadsfaktor.

Naturfylke

Næringslivet i Sogn og Fjordane har noko å lære av både Jostedal, Rauma og Rolls Royce. Fylket har naturkvalitetar i verdsklasse av alle slag frå surfing, sigling og padling til  fjellsport, fiske, jakt og brevandring. Sogn og Fjordane har mange nasjonalparkar og landskapsvernområde med natur i verdsklasse. Verna natur har vore eit sjeldsord i fylket, men granskingar av turiststraumar til Jotunheimen syner at det er nasjonalparkstatus og urørt natur som dreg. Eg vågar påstanden at den sterkaste attraksjonsverdien i Sogn og Fjordane, spektakulær og unik natur, nesten ikkje er utnytta i marknadsføringa av kommunar og bedrifter i fylket.

Landskapet du elskar

For mitt eige vedkomande vende eg heim til Sogn og Fjordane etter opphald i Bergen, Oslo, Volda og Ålesund på grunn av to ting, tilbod om ein spennande jobb og ein sjanse til å bruke ein større del av fritida mi ute. Sterke naturopplevingar, både i nærområdet til Førde og i nasjonalparkane, har knytt meg til fylket og medverka sterkt til at eg har blitt her. Kanskje det er som Andrè Bjerke seier i eit av dikta sine at det landskapet  du elskar er ein spegel som fortel kven du er?

Sjå til Sogndal

Sogndal vann konkurransen til friluftsmagasinet UTE om Norges mest populære utestad. Selskapet Bratt moro vil utnytte reklamen for alt den verdt til å skape bulyst og attraksjon i Sogndal. Kanskje Bratt moro etter kvart kan få like stor merksemd som Ekstremsportveko på Voss? Heile campusmiljøet, Høgskulen i Sogn og Fjordane og næringslivet i Sogn vil tene stort på det. Å rekruttere medarbeidarar som både likar jobben og friluftslivet, er garantert ein vinnar for naturfylket Sogn og Fjordane – verdens beste fylke for naturglade menneske.