Pengesekken i Sogn og Fjordane

Årets andre og siste runde med gåvetildelingar vart offentleggjort fredag 28. oktober. Som vanlig har det vore veldig givande å lese, sjå og høyre kva som rører seg i det frivillige organisasjonslivet rundt om i fylket.

I år har det vore eit litt spesielt år. 2011 er første året der Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har vore den som har delt ut gåvene. Ei endring som kanskje ikkje betyr noko for folk flest endå, men håpet er at stiftinga skal bli ein stor og viktig aktør i fylket på lik linje med det banken har vore gjennom mange år. Vi har faktisk til saman delt ut nær 110 millionar kroner dei siste fem åra! Desse midlane er med å løyse ut dei mest fantastiske frivillige dugnadsinnsatsane på alt frå bygging av infrastruktur til utøving av ulike sjangrar innanfor eit breitt spekter av idrett og kultur.

Det er utruleg tilfredstillande og motiverande for oss og sjå kva vi har vore med og fått til, og ikkje minst å sjå kva det har betydd for små og store lokalsamfunn.

Det som er litt synd oppe i alt dette, er at det ikkje er så mange store aktørar som bidreg på det same nivået (eller høgare) som oss. Kvar er dei rike onklane og tantene i Sogn og Fjordane? I år har vi hatt inne rundt 1.000 søknadar på til saman 55 millionar kroner. Når vi «berre» har 12.3 millionar å dele ut, seier det seg sjølv at det er mange gode prosjekt som må jobbe endå litt til for å få finansiert dei store løfta. Det er rom for fleire på denne arenaen, for vi greier dessverre ikkje å hjelpe alle samstundes.

Når det er sagt håper eg verkeleg at dei som har fått i år får stor glede og nytte av midlane, og at dei som ikkje fekk jobbar vidare med ideane sine slik at vi kanskje kan finne rom til dei ved eit seinare høve. Eg ønskjer alle som har fått lukke til, og ser fram til å lese, høyre og sjå kva de får til i tida som kjem.