25 år – og gull verdt?

Vi er nesten 300 tilsette i Sparebanken Sogn og Fjordane. Kvart år er det 10-12 som får gullklokke etter 25 år i banken, og nokre blir gjort stas på for 40 år i SSF. Er vi litt trauste og redde for å prøve noko nytt, sidan vi er på same arbeidsplass ein heil generasjon?

Nei, langt ifrå vil eg hevde. Spesielt etter at eg sjølv fekk gullklokke no i september. I løpet av desse 25 åra har eg skifta avdeling og fått heilt nye oppgåver 3 gonger, utan å forlate Sparebanken Sogn og Fjordane. Det er nesten som å feire sølvbryllaup med banken, og då har det sjølvsagt vore både gode og vonde dagar. Men på ein så stor arbeidsplass som vår, kan vi skifte beite innanfor organisasjonen om vi vil prøve noko nytt.

No bles det litt opp i bankverda att, men det er ikkje så dramatisk for Sparebanken Sogn og Fjordane som media vil ha det til i det siste. Dette har vi uansett opplevd tidlegare, og det er berre å brette opp armane og sjå kva vi kan gjere betre og meir effektivt.

Fornying, framfor forvitring er yndlingsuttrykket til vår administrerande direktør Arvid.

Eg er slik skrudd saman at eg tykkjer det er spanande kvar gong vi står framfor ein endringsprosess. Nett no er eg med i eit prosjekt i banken som skal utvikle nye nettsider for www.ssf.no. Eg gler meg som ein unge til vi dei kjem på lufta, sjølv om eg har vore med på prosessen to gonger før! Men også denne gongen er eg overtydd om at vi får dei beste nettsidene i bankvesenet. Berre vent og sjå!