Krise og nytt syn

Eg har lyst å fortelje deg om ein kjenning av meg som har fått nytt syn. Det skjedde ikkje utan dramatikk. Det var krisestemning då hornhinna losna og dama i hu og hast vart sendt til legespesialistane på Haukeland. Der skjedde eit lite under. Hornhinna vart ikkje berre sveisa fast igjen, den vart også korrigert og kopla saman med ny linse. Det som var umogleg for nokre år sidan, let seg ordne med avansert utstyr og høg kompetanse. Auget vart justert frå minus 10,5 til minus 0,75. Pasienten kom ut frå sjukehuset med eit skarpare og klarare blikk enn nokon gong og takka for krisa ho hadde kome opp i.

Kan den gode historia koplast mot dagens økonomiske uver i vesten? Kan gjeldskrise og kapitaltørke føre til noko positivt for verda og menneskeslekta? Det finst ingen fasit, men det går an å fabulere over at mennesket har store evner til å takle kriser ved å snu seg rundt, tenkje nytt og smartare. Derfor vågar eg å tru på at gjeldskrisa i Europa og USA kan bety nokre viktige framsteg:

– Berekraft får ei ny og klarare meining. Alt som svekkar bæreevna i naturen, økonomien og landet vil i større grad bli skrella vekk.

– Arbeid til alle vil i sterkare grad bli framheva som avgjerande for å lukkast som nasjon. Når store folkegrupper ikkje har arbeid, vil samfunn og menneske forvitre og skape grobotn for uro og konfliktar.

– Andre verdiar enn forbruk kan få ein renessanse. Naturopplevingar og fellesskap blir prioritert framfor å pusse opp badet for tredje gong. Ein treng ikkje ta alt for å ha alt.

– Finansnæringa blir meir robust og mindre vekstfiksert.

– Forsking og næringsliv vil gjere nye teknologiske kvantesprang for å oppnå større effektivitet og mindre ressursbruk. Her vil eg berre nemne solcelleindustrien som for tida har kniven på strupen. Laboratoria verda over kjem til å utvikle solceller som er dobbelt så effektive som i dag og etter kvart bli den dominerande straumkjelda på kloden.

– Barn kan igjen bli den viktigaste investeringa. I dei fleste europeiske land går barnetalet ned og forgubbinga aukar. I Tyskland blir det i dag fødd kunn 1,4 barn pr kvinne. Det er inga framtid i det. Å føde barn er å spare og satse på framtida.

Du vil kanskje seie at eg både er naiv og blåøygd som trur at dagens økonomiske krise vil føre til positive framsteg og utvikling? Kanskje har du rett? Men historia er full av døme på at krise framtvingar nytenking og utvikling til det betre. Eg trur det vil skje på nytt og på nytt. Med sju milliardar menneske på kloden er det einaste valet vi har.