Julekveld heile veka

Ei veke om hausten er alltid spesiell for meg. Då kjem spenndane høgdepunkt på rekke og rad. Hjortejakt, sauesanking og kundeundersøking. Ja det er reine julekvelden for meg – ei heil veke. Sauesankinga gjekk bra, det gjekk heller så som så med hjortejakta. Men det som gav meg den store oppturen er likevel resultata frå den årlege kundeundersøkinga.

5.462 kundar har talt. Dei har gitt oss tilbakemelding på service, kunnskap, svartid, tenester og mykje anna. Den store spenninga er kva skår vi får på kundetilfredsheit. Det vil seie, kor fornøgd er du som kunde med banken alt i alt. Som i fjor, og året før, så får vi heldigvis veldig god tilbakemelding frå kundane våre. Gjennomsnittet blant norske bankar er ein skår på om lag 70 poeng. Vi skårar 78 poeng! Berre ein bank i Norge, Skandiabanken, slår Sparebanken Sogn og Fjordane ifølgje BI sitt årlege kundebarometer.

Vi er kjempeglade, stolte og ikkje minst audmjuke. Kjempeglade og stolte for at kundane trivst så godt i lag med oss. Audmjuke fordi det ikkje er sjølvsagt at det er slik og vil vere slik framover. Vi kan ikkje kvile på laurbæra. Tvert imot må vi kvardag arbeide for å bli endå betre, slik at vi også har fornøgde kundar framover. Ja, fornøgde kundar er noko av det som motiverer oss i banken mest. Trivst kunden – trivst vi.

Det er spesielt kjekt å sjå dei gode tilbakemeldingane kundane gir om rådgjevarane i banken. Det er rådgjevarane som er ansiktet vårt og som hjelper kundane kvar dag. Over 5.000 kundar syns at rådgjevarane i banken gir gode råd, bryr seg og leverer som avtalt på ein framifrå måte.

Takk til alle 5.462 kundar som har brydd seg med tilbakemelding til banken sin 🙂