Elin og Fiol

Elin Ekorn har mykje å gjere. Ho har bestemt seg for å følgje draumane sine og har meldt seg på Fiol. Då ho såg annonsen i Kongleposten i går, kjende ho eit sug i magen. «Er du den nye songstjerna vår? Meld deg på Fiol. stod det. Innleiande rundar skal haldast neste veke.» Elin begynte å dirre over heile kroppen. Våga ho dette? Ho ville jo så gjerne, men det kjendest veldig skummelt på same tid. Til slutt bestemte ho seg. Ho skulle melde seg på.

No er det mykje som må ordnast. Det viktigaste er sjølvsagt kostyme. «Det må bli noko rosa og glitrande,» tenker ho drøymande. «Kanskje med ein liten splitt. Og rock and roll». Ho finn fram symaskinen og set i gang. Snart har ho klesdrakta klar. Ein rocka rosa kjole med strutteskjørt i tyll har ho trylla fram. Ho ser på seg sjølv i spegelen og sukkar fascinert. «Slett ikkje verst». Rosa er ein farge ho kler ekstra godt. Ho lagar også ein liten tiara av konglar og målar den sølvfarga. Ho er svært nøgd med resultatet. Ho kjem sikkert til å vinne med ei slik klesdrakt. Gjennom vindauget får ho auge på Sverre Moses og Albert. Ho inviterer dei inn på ein kopp nøtte-te slik at ho kan vise fram kostymet sitt. Sverre Moses er eigentleg altfor lang til å vere inne i den tronge stova til Elin, men sidan han er ganske opptatt av henne, så bøyer han seg dobbel og takkar lukkeleg ja til tilbodet.

«Kva synest de om kjolen eg skal ha på meg på Fiol?» Elin svingar seg rundt i stova.
«Litt for sukkersøtt for min smak», seier Albert. «Kva med noko meir rap-aktig?»
«Eg synest du er kjempefin. Nesten som ei rockestjerne» seier Sverre Moses og raudnar langt nedover halsen.
«Tiaraen må du i alle fall droppe,» meiner Albert. «Den går berre ikkje.»
Elin er litt såra, men ho kan sjå at tiaraen kan stele ein del merksemd. Særleg sidan den heile tida glir ned i panna og dekker halve ansiktet.

«Kva skal du synge då?» spør Albert.
«Oi, det har eg faktisk ikkje tenkt på i det heile tatt» må Elin vedgå. Ho har hatt all fokus på klesdrakta.
«Eg synest du skal synge den songen du song på julefesten: Eg vil ha ein blå ballong.»
«Nei…» stønnar Albert og riv seg i øyra. «Den er berre så teit. Kva med: Eg er ein gangster, eg, og eg er super farleg.»
«Eg veit ikkje» seier Sverre Moses. «Eg trur kanskje ikkje den passar heilt til Elin… det er liksom ikkje heilt hennar stil…»
«Eigentleg, Elin, er det noko eg må seie deg» begynner Albert.
«Eg veit ikkje heilt korleis eg skal få sagt det, men det er best å vere ærleg, og saka er … du er søtaste korjenta i verda, men, altså, du kan ikkje synge! Eg seier det berre for å vere grei. Du veit eg snakkar sant, Sverre Moses?»
Sverre Moses vrir seg i stolen.
«Ja, eg meiner, nei. Eg synest du syng kjempefint, eg, Elin.»
«Sverre Moses, det seier du berre fordi du er forelska i Elin», stønnar Albert.
«Saka er, Elin, at du syng med ei fin stemme, men nokre gonger er det skjerande falskt.»
Elin tar til å gråte.
Sverre Moses som no raudnar heilt ned til tærne, prøver å trøyste henne, men det hjelper lite.
«Er det verkeleg sant at eg syng falskt?» hikstar Elin.
«Ja,» svarer Albert, men så lysnar han opp. «Men du kan lære deg. Du kan ta songtimar.»

Men kven i Kongleriket skulle kunne lære Elin å synge?

Historiene om dyra i Kongleriket er eigentleg for dei yngste. Og neste veke er det Kongleveke i banken. Men om du som er stor også lurer på om Elin Ekorn blir den nye songstjerna i Kongleriket, kan du lese heile historia her.