Jobb nr 1

Har du køyrt frå Ørsta/Volda til øyane på Søre Sunnmøre? Før du anar er du komen heilt ut i havet til fugleøya Runde. Du kryssar fjordar og sund i eitt sett utan å sjå snurten av ferja. I staden susar du gjennom den undersjøiske tunnelen i Eiksundsambandet og over ei rekke bruer og fyllingar mellom øyane. Det som dukkar opp av flytande farkostar er avanserte farty for oljeindustrien og nymåla ringnotsnurparar.

Vegar treng forkjemparar

Det moderne vegsambandet har ikkje kome av seg sjølv. Kvar ei bru har hatt sine forkjemparar og vore jobb nummer ein for sterke politikarar. Dei har heller ikkje gått av vegen for å bruke bompengar og direkte bidrag frå næringslivet for å nå sine ambisiøse samferdslemål. Satsinga har skapt optimisme og næringsutvikling som få utkantbygder i landet kan måle seg med. Verftsindustrien i Ulsteinvik er blant den fremste i verda både i skipsdesign, skipsbygging og utstyrsproduksjon. Vesle Fosnavåg har utvikla eit av landets største shippingmiljø. Også fiskerimiljøet på Søre Sunnmøre har plassert seg i førarsetet.

Såkorn for vekst og utvikling

Sogn og Fjordane har mykje å lære av offensive sunnmøringar. Nye og langt betre vegar vil vere det beste såkornet for vekst og utvikling i det mest grisgrendte fylket i landet. Askvoll har for første gong på 15 år vekst i folketalet. Kan det ha med Dalsfjordbrua å gjere? Sunnfjordregionen fekk ein giv når RV5 mellom Førde og Florø fekk skikkeleg standard.

Tenk om

Jobb nummer ein for det nye fylkestinget må vere nye og betre vegar, ikkje minst i Nordfjord, Sunnfjord og på kysten. Tenk om Nordfjord kan samle seg i ei offensiv vegnemnd som kjempar for bru mellom Anda og Lote, tunnell under Utvikfjellet og ikkje minst ny veg mellom Måløy og Florø. Tenk om Sunnfjord kan samle seg om skikkeleg vegstandard mellom Dale og Sande og omlegging av E39 rundt Førde. Tenk om heile fylket kan samle seg om raskare utbetring av E39. Når desse prosjekta er fullførte, vil regionar og næringsliv bli knytt saman og ha utviklingspotensiale på ein heilt annan måte enn i dag.

Tid for studietur

Sterke vegforkjemparar, samarbeid og bompengar er det einaste som kan få fart på vegbygginga. Det er nærast ei skam at vi for tida har berre eit bompengeprosjekt igjen i fylket, nemleg Fatla i Sogn. Samtidig vil sunnmøringane finansiere Nordøyvegen til øyane nord for Ålesund med 90 prosent utanfor statsbudsjettet. Dei er inspirert av at Eiksundsambandet blir nedbetalt åtte år tidlegare enn planlagt. Studietur til Sunnmøre bør stå først på agendaen til det nye fylkestinget i Sogn og Fjordane.