Tidsliner

Tidsliner er eit omgrep som økonomistudentar vanlegvis identifiserer seg med. For tida går det mykje i tidsliner i banken. Eg og mange av mine kollegaer studerer for å autorisere oss til finansielle rådgjevarar i desse dagar. Nokre kjem rett frå skulebenken, andre må lenger tilbake på tidslina for å finne tilbake til sist dei sat ved skulebenken. Felles for oss alle er at vi jobbar mot same målet!

Kva er AFR?

”Autorisasjonsordninga for finansielle rådgjevarar (AFR) er ei nasjonal autorisasjonsordning som fremjar og sikrar naudsynt kunnskap, haldningar og ferdigheiter hos finansielle rådgjevarar. Målet er å styrke kvaliteten på finansiell rådgjeving overfor kundar” http://www.autorisasjonsordningen.no/

 

Søvnlause netter og vifting med armar

Det er ikkje fritt for at søvnlause netter kjem som perler på ei snor undervegs i prosessen, samtidig er vegen mot autorisasjon med på å styrke samhaldet oss kollegaar i mellom. Ved hjelp av gruppearbeid og utveksling av lærdom får vi ei unik fellesskapskjensle. For ikkje å snakke om gleda vi kjenner når vi endeleg har forstått ein vanskeleg formel, som i utgangspunktet ser heilt håplaus ut.

Heldigvis har vi fått god hjelp til å få forståing av mattematiske omgrep og formlar. Erik Rønneberg, som er ein av landets beste og mest anerkjende foreleserar på dette fagområdet, har vore i banken og undervist oss. Vi lærte mellom anna nytten av å vifte med armane for å forstå korleis kursar og renter endrar seg. Om rådgjevaren din byrjar å veive med armane neste gong du er inne til rådgjevingssamtale, kan du kjenne deg trygg på at du snakkar med ein autorisert finansiell rådgjevar.