Kundesenteret 10 år

Kundesenteret, kunde service, kundetorget, customer services, bokholderiet. Kjært barn har mange namn. I dag fyller kundesenteret vårt 10 år.

Frå å vere ei beskjeden avdeling som svara på e-postar frå kundar, har kundesenteret vakse til ei avdeling med om lag 20 tilsette. I dag utfører kundesenteret eit breitt spekter av tenester. Kundesenteret svarar deg både på telefon og e-post. Vi kan hjelpe deg med det meste som har med Nettbank, Telebank, Mobilbank, SMS-bank, BankID, informasjon om kontoar og bankkort å gjere. I tillegg har vi sentralbordet som svarar alle telefonar som kjem inn til banken og eigne folk som handsamar kortreklamasjonar, innkomande og utgåande post, bank-i-butikk og nattsafe.

Bank er ei næring i rask utvikling. Kundane våre vert meir og meir sjølvhjelpne. Dei fleste har tilgang til internett og nettbank og finn det svært gunstig å kunne vere sin eigen banksjef. Med våre elektroniske betalingstenester kan du utføre dei fleste banktenester til alle døgnets tider. Med eit så mangfaldig reiskap er det ikkje alltid like lett å finne fram. Mykje av arbeidet som kundesenteret utfører går difor på rettleiing i nettbanken, samt å løyse opp blokkeringar på bankid og nettbank og sende nye passord til kundar som har behov for dette. Vi er banken sine ekspertar på nettbank 🙂

Til saman har vi fleire hundre års arbeidserfaring. Mange av dei som jobbar på kundesenteret har jobba på andre avdelingar tidlegare og har vore i banken i over ein mannsalder. Slik får vi unike kunnskapar frå ulike avdelingar. Andre er ferskare i faget, men bidreg med andre kunnskapar. Det er ikkje nokon hemmelegheit at ungdommen no til dags har gode datakunnskapar. Dette kjem godt med når vi skal hjelpe kundar som støyter på datatekniske utfordringar. Ei anna viktig utfordring, som vi har på kundesenteret, er behovsavdekking. Det er viktig at vi har eit vake blikk når vi snakkar med kundane våre. Dette for å til ei kvar tid å kunne tilby kundane våre dei produkta og tenestene som er mest føremålstenelege for den aktuelle kundegruppa.

Vi rundar no 10 år og har framtida føre oss. Sjølv om vi ikkje veit akkurat kva framtida bringer, kan vi vere trygge på at banken stadig er oppteken av å følgje med på utviklinga i teknologi og finansnæringa  for å  utvikle nye og betre produkt og tenester som vi skal formidle til kundane våre. Per i dag har vi som mål på kundesenteret å vere ”superflinke og stolte”. Vi vil nok også i framtida strebe etter å vere superflinke for å gje kundane våre dei beste kundeopplevingane og for å kunne vere stolte av det vi leverer.

Vi tek gjerne i mot ros og ris som kan gjere oss til eit endå betre kundesenter. Du treff oss på e-post: kundesenter@ssf.no

Her er nokre bilete frå feiringa i dag :