Mannen mot straumen

I dag vil eg lette på hatten for ein professor. Han heiter Erling Holden og kjem frå Bærum. Han imponerer meg fordi han på mange måtar er mannen mot straumen og får til det dei færraste trur er mogleg.

Erling Holden er akademikar. Han er utdanna sivilingeniør og har doktorgrad i by og regionplanlegging. Ei forskarkarriere i Oslo eller Trondheim er det mest nærliggande for folk med slik bakgrunn. Men mannen bur fritt og høgt på Leikanger og er ofte å sjå på toppane og skiløypene i Sogn og Fjordane. Der hentar professoren energi til å bygge opp eit nytt studium og nye arbeidsplassar innan det mest sentrale temaet på kloden.

Fornybarland

Temaet er fornybar energi. Det får dei aller fleste i Sogn og Fjordane til å tenkje på vasskraft og kanskje vindkraft. Få tenkjer på at i Årdal ligg ein hypermoderne fabrikk for solindustrien, at Eid er ein pioner i utnytting av varmen i fjorden, at Høyanger er i ferd med å få ein fabrikk for produksjon av brenselsceller og at Stryn varmar opp store sentrumsbygg med bioenergi. Erling Holden kallar Sogn og Fjordane fornybarland og tek studentane med inn i kraftverka og rundt på fabrikkane i fylket.

Fornybarprogram

Men studentane på det nye, fornybarstudiet i Sogndal skal ikkje bli ingeniørar. Dei kjem neppe til å forske på ny teknologi. Derimot vil dei drive med arealplanlegging, miljøanalysar, økonomistyring, prosjektleiing og forsking rundt eit av dei mest aktuelle og brennbare tema i vår tid. 28 studentar var pionerar i fjor, 25 tok til i år, venteleg kjem like mange neste år. Dermed vil rundt 80 studentar til ei kvar tid vere i gang i Sogndal på det treårige bachelorstudiet i fornybar energi. Dersom planane om eit masterstudium i temaet også blir realisert, blir det fleire i tillegg til stipendiatar som tek doktorgraden i ulike emne i faget. I dag er rundt 15 tilsette på Høgskulen i Sogn og Fjordane engasjert i fornybarprogrammet. Etter kvart blir det minst 30.

Viser veg

Mange snakkar om at Sogn og Fjordane må få ein større del av kunnskapsnæringa  som er den største private sektoren i landet. Erling Holden har vist at ideen kan realiserast også i offentleg sektor. Han har klart det ved aktivt å samarbeide med energiselskapa og Sparebanken Sogn og Fjordane om finansiering. Han har klart det ved å etablere gode alliansar og samarbeidsprosjekt med dei store utdanningsinstitusjonane i Trondheim, Oslo og Bergen.

I kunnskapsnæringa nyttar det ikkje å vere seg sjølv nok, seier Erling Holden. Nettverk er mykje viktigare enn kvar du bur, meiner mannen frå Bærum. Det er eit knalltips til alle som vil utvikle Sogn og Fjordane og skape noko nytt og framtidsretta i fylket.